Dei nye skipa til Olympic-reiarlaget har fått levert frå Ulstein Verft har vist seg å halvere forbruket av drivstoff samanlikna med andre skip i vindkraftindustrien.
Det viser analyser etter ei periode på ei veke med sokalla DP-operasjonar for skipet Ulstein Boreas.
– Vi hadde kalkulert med at dette var ein god ide, og det har vist seg å fungere svært godt samanlikna med andre skip. Vi vart positivt overraska sjølv om vi hadde venta at det skulle bli bra, seier Rolf Ottar Rovde som er salssjef i Ulstein Power & Controll til Nett No.
Nytt system for variabelt turtal
Dei nye Olympic-skipa er skreddarsydd for vindkraftindustrien.
Denne typen fartøy fraktar teknikarar til havvindfarmar, der skipet ligg i ro ved kvar turbin medan teknikarane går over til turbinen via ei gangbru.
Ein stor del av tida ligg skipet stille på dynamisk posisjonering. Ved hjelp av eit system kalla «Variable Speed Generator» (VSG), kan skipet operere med variabelt turtal på generatorar.
Slik blir skipet sin kraftproduksjonen optimalisert etter fartøyet sitt behov. Tekniske tiltak om bord har redusert kraftbehovet til 250-300 kilowatt under visse forhold.
– Med så låge kraftkrav er variabel hastigheit mykje meir effektiv enn konstant hastigheit, noko som gir lågare energiforbruk per produsert kilowattime, skriv Ulstein i ei pressemelding om nyvinninga.

Fleire forhold spelar inn
Nyleg leverte Ulstein Verft skip nummer to – Olympic Notos, som skulle rett ut i eit kortare oppdrag, fortalde Olympic-reiar Stig Remøy til Nett No under dåpen.
I tillegg til det nyutvikla systemet om bord, er det ein rekke forhold som spelar inn på resultatet, påpeiker Rolf Ottar Rovde.
– Det er ein totalitet både med design og måten skipet blir operert på, og ikkje ein enkeltståande komponent, seier salssjefen.
Blir samanlikna med ein firehjulstrekkar
Heile prosessen starta med eit energieffektivt skrog og grundige vurderingar av system og komponentar.
Då hovuddimensjonar, sjøeigenskapar og oppetid var på plass, analyserte Ulstein Design & Solutions AS korleis skipet kunne bli så energieffektivt som mogleg. Løysinga skulle gi best mogleg energibruk og -gjenvinning.
Skipa er mellom anna utstyrt med Ulstein sin Twin X-Stern-design, som betyr at dei har propellar for hovudframdrift både framme og akter. Det skal gi same fordelar til sjøs, som med ein firehjulstrekkar på vinterføre.
Publisert: 09.12.2024 11:19
Sist oppdatert: 09.12.2024 13:06