Koronaveksten over for møbelbutikkane
– Koronaåra har vore heilt «bananas», seier sjefen for ein av Nordvestlandets mest lønnsame møbelbutikkar. Sjå resultatoversikt.
NETT NO-barometeret
Møbelsalet passerte toppen i 2021, men salet i fjor var likevel høgt over nivået før koronapandemien. I år ventar bransjen ytterlegare nedgang.
Frå 2019 til 2021 auka møbelbutikkane på Nordvestlandet salet med 25 prosent, frå 393 til 489 millionar kroner.
Reiserestriksjonane under koronapandemien skapte ein ekstraordinær boom for bransjen. I fjor fall både inntekter og lønsemd, men inntektene til møbelbutikkane enda likevel 17 prosent over 2019-nivået (sjå tabell under).
– Koronaåra har vore heilt «bananas». I år har vi fått ei korrigering der det har roa seg litt, og vi har nytta sommaren til å pusse opp butikken, seier dagleg leiar Frode Dalhaug i Møbelringen-butikken i Ulsteinvik.
- Dette er andre artikkel i ein serie under vignetten NETT NO-barometeret, der vi ser på korleis det går med bransjar på Nordvestlandet.
Unntaksår under pandemien
Dalhaug meiner dei tre siste åra har vore unntaksår som ikkje er samanliknbare med kva bransjen kan vente seg i eit normalår.
Ein resultatmargin på over 15 prosent - som i fjor - er ikkje noko dei reknar med å kunne oppnå kvart år. Resultatmarginen er resultat før skatt i prosent av driftsinntektene.
– Det er eit veldig godt resultat, seier han.
Møbelringen-butikken som held til i Saunesmarka i utkanten av Ulsteinvik sentrum, er eigd av Dalhaug og brørne Ole Kristian og Tore Øyehol med familie. Dei eig også 51 prosent i Møbelringen-butikken i Ørsta, som i fjor var den mest lønsame av alle møbelbutikkane på Nordvestlandet.
Dei fleste i varehandel vil misunne eit resultat på meir enn ti prosent, men Dalhaug meiner det er der dei bør ligge.
– Det bør eigentleg gå fint, seier han.
– Ikkje noko rakettforsking
Dalhaug peiker på at det er mange som sel møblar, og at dei følgjer kvarandre når det kjem til pris. Då gjeld det å yte det «lille ekstra» som gjer at folk vil handle i nettopp deira butikk.
– Det er ikkje noko rakettforsking. Vi forsøker å hjelpe dei som kjem inn døra og strekke oss langt når det gjeld service, seier han.
Butikken har vore på same plassen sidan 1981 og har fem tilsette – ein på lageret og fire seljarar i butikken.
Møbelringen-butikken i Ulsteinvik er einaste i sitt segment på Hareidlandet. Næraste konkurrentar er Fagmøbler i Fosnavåg og møbelbutikkane i Ålesund og Ørsta.
Les også
Fleire med god lønnsemd
NETT NO sin resultatoversikt viser at Møbelringen-butikkane i Ulstein og Ørsta, saman med den frittståande butikken Karl Sunde Møbler og Utstyr på Nordfjordeid hadde ein resultatmargin på over 15 prosent i fjor. (Karl Sunde Møbler og Utstyr er eit selskap som driv både møbelbutikk og fargehandel, journ. anm.)
I tillegg hadde også Bohus Ålesund og Møbelringen-butikken i Fræna ein resultatmargin på over 10 prosent i fjor.
Nedgang i år
Under konjunkturseminaret 2023, som bransje- og arbeidsgivarorganisasjon Virke arrangerte i juni, anslo dei at det var ein nedgang i møbelhandelen i fjor på to prosent - målt i kroner.
I år blir det ytterlegare to prosent reduksjon, anslår Virke.
Det er auka rente, svekka kjøpekraft og mindre bygging av hytter og hus som er årsaka til nedgangen.
Det er verdt å merke seg at Virke anslår utviklinga målt i kroner.
Koronapandemien og deretter krigen i Ukraina har medverka til ei prisstiging som er høgare enn på mange år. Folk får mindre att for pengane, slik at nedgang i møbelsalet målt i kroner no utgjer ein større nedgang i møbelsalet målt i volum, enn det gjorde då prisstiginga var låg.
Møbelbutikkar på Nordvestlandet | ||||
Tal i mill. kroner | ||||
(Kjedetilknyting og/eller adresse i parantes om det ikkje går fram av namnet) | ||||
Driftsinntekter | Resultat før skatt | |||
2022 | 2021 | 2022 | 2021 | |
Bohus Ålesund as | 84,3 | 86,1 | 10,7 | 12,4 |
Skeidar Ålesund as | 66,1 | 65,6 | 2,3 | 3,3 |
Bohus Løding as (Molde) | 38,8 | 41,2 | 1,2 | 4,1 |
Skeidar Molde as | 28,9 | 26,8 | 0,4 | 0,8 |
Møbelhuset Ørsta as (Møbelringen) | 26,3 | 26,1 | 4,8 | 5 |
Harald Viken as (Møbelringen, Fræna) | 25,8 | 26,8 | 3,1 | 3,9 |
Karl Sunde Møbler og Utstyr as (Stad)* | 24,9 | 26,1 | 3,9 | 6,9 |
Møbelhuset Blindheim as | 24,7 | 29,4 | -0,1 | 2,4 |
Gangsø Eftf as (Fagmøbler, Kinn) | 20,2 | 21,1 | 1,4 | 1,4 |
Øyehol Varehus as (Møbelringen, Ulstein) | 20 | 21,6 | 2,9 | 3,6 |
Møbler & Miljø as (Ålesund) | 19,4 | 25,2 | 0,4 | 2,3 |
Skeidar Ørsta as | 19,1 | 19,4 | -0,1 | -0,2 |
Slettvoll Ålesund as | 18,2 | 20,5 | 1 | 2,4 |
Olsen Møbler as (Fagmøbler, Molde) | 13,8 | 14,1 | 0,8 | 1,7 |
Boland Vika as (Fagmøbler, Ålesund) | 12,2 | 14,3 | -0,1 | 1,7 |
Møbelsenteret Vestnes as | 7,9 | 8,7 | 0,02 | 0,4 |
Sandane Møbel as (Møbelringen) | 7,6 | 8,1 | 0,4 | 0,7 |
SUM | 458,2 | 481,1 | 33,02 | 52,8 |
*Omfattar både møbel- og målarforretning |
Publisert: 19.08.2023 05:00
Sist oppdatert: 02.09.2023 12:06