Kostnadssmell for Fjord1
Over 400 millionar i minus for ferjereiarlaget i fjor.
Fleire faktorar er årsak til at Fjord1 snudde eit overskot i 2021 til 420 millionar kroner i minus før skatt i 2022.
Generell prisauke, mellom anna på drivstoff, meir bruk av diesel enn planlagt fordi infrastruktur for å kunne forsyne og lade batteriferjer er forseinka, reduserte finansinntekter - mellom anna på grunn av negativ valutakursutvikling - saman med negativ utvikling i sine derivat gjorde at finanskostnadane auka. Til saman er dette dei viktigaste grunnane til den negative resultatutviklinga, ifølgje årsrapporten til selskapet for 2022.
Ventar kompensasjon
Drift av ferjesamband er oppdrag Fjord1 og andre ferjereiarlag konkurrerer om, der kor lite offentlege overføringar reiarlaga krev for å trafikkere strekningane som blir lyst ut på anbod er eit viktig kriterium for kven som skal vinne anbodskonkurransane om å drive ferjesambanda.
Kompensasjonen frå det offentlege blir regulert med kostnadsutviklinga. I år ventar Fjord1 at den generelle kostnadsutviklinga i 2022 blir kompensert ved auka overføringa i år.
Til sals
Fjord1 er i dag eigd 99,9 prosent av Fjord Holdco, som er eigd av Fjord1 Topco, som i sin tur er eigd 50/50 av Sævikfamiliens selskap Havila Holding og amerikanske Vision Rigde Partners.
Havila og Vision Ridge har engasjert Rothschild & Co. til å markedsføre Fjord1 overfor moglege kjøparar, skreiv Finansavisen i mai i år.
Sævik-familien sitt inntog i Fjord1 starta med kjøpet av Møre og Romsdal fylkeskommune sine aksjar i 2011.
Seinare fikk familien hand om aksjane til dåverende Sogn og Fjordane fylkeskommune, og deretter vart selskapet børsnotert i 2017.
I august 2021 hadd Havila kontroll over 100 prosent av aksjane i kompaniskap med amerikanske Vision Ridge – og selskapet blei tatt av børs med ein markedsverdi på 5,2 milliardar kroner.
Fjord1 as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 2898,2 | 2828,8 |
Driftsresultat | 34,6 | 280,1 |
Resultat før skatt | -420,3 | 171,2 |
Publisert: 10.07.2023 05:00
Sist oppdatert: 10.07.2023 09:05