Nordea Aage Ellingsund Christensen Foto Marius Rosbach 11
ÅLESUND: Regionbanksjef Aage Ellingsund Christensen i Nordea fortel om ein avventande bustadmarknad. Langt fleire enn før tek kontakt for å be om hjelp og råd. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Kraftig auke i lånekundar som ber om hjelp

Mange vurderer å kvitte seg med hytta, medan andre håper å gjere kupp i kjøpars marknad.

Marius Rosbach
05.01.2024

Torsdag kom ferske tal frå Eiendom Norge, som viste at bustadmarknaden held seg stabil i fjor, trass prisfall på slutten av året. Fasiten vart ein prisvekst på 0,5 prosent i løpet av 2023.

– Vi ser at det er ein skepsis i marknaden, fortel regionbanksjef for Nordea i Møre og Romsdal, Aage Ellingsund Christensen, til NETT NO.

– Folk er avventande både til å legge ut eigne bustader, fordi dei fryktar at dei kan få dårlegare betalt, men også til å kjøpe nytt, seier han.

Banken opplever i liten grad at lånekundane deira føler seg tvungne til å selje fordi dei ikkje får endane til å møtast. Men nokre har valt å selje for å skaffe ein rimelegare bustad.

Vi har ikkje sett den endelege konsekvensen av den økonomiske utviklinga enno
Aage Ellingsund Christensen

Langt fleire kontaktar banken
Den største endringa frå tidlegare, er pågangen frå kundar som ber om hjelp på ulike måtar.

– Samanlikna med året før, hadde vi ei auke i talet på kundar som tok kontakt med oss på 40 prosent i fjor, fortel Christensen.

Nokre vil ha råd om kva val dei bør gjere, om dei har rett rente, eller korleis dei bør spare for å unngå i hamne i ei knipe. Andre treng rett og slett å få utsett avdrag, fordi den økonomiske byrden er blitt for stor.

Banksjefen påpeiker at dei fleste klarer seg, men han er spent på korleis det blir framover.

– Vi har ikkje sett den endelege konsekvensen av den økonomiske utviklinga enno, seier han og understrekar at det er mange som no har det «verkeleg trongt».

Ein av tre vurderer hyttesal
Banksjefen trur dei fleste med stabile jobbar og verdiar i bustad eller anna eigedom, vil klare seg godt. Eit teikn på at fleire likevel merkar at det er tøffare tider, er ei spørjeundersøking banken gjorde, som viser at mange vurderer å kvitte seg med hyttene sine.

– 28 prosent av dei spurte i Møre og Romsdal svarte at dei vurderer å selje fritidseigedom for å ha større fleksibilitet i eigen økonomi, seier Christensen.

Banksjefen meiner det heng saman med at mange kjøpte hytter under koronapandemien, då renta var lågare og behovet kanskje var større.

– No merkar folk begynner å merke dei auka kostnadene, påpeiker han.

Fleire ser sjansen til gode kjøp
Med ein avventande haldning i bustad- og hyttemarknaden, seier ein gjerne at det er kjøpars marknad. Banken opplever at det er fleire kundar i begge segment, som no ser moglegheiter til å gjere gode kjøp.

– Fleire har no som mål å gjere eit «kupp», seier Christensen.

Ettersom det blir færre nye bustader til sals, kan det også påverke bruktmarknaden framover.

Møre og Romsdal har skilt seg frå resten av landet, ved at det har vore mange nye bustader til sals, men no er det også brems for nybygg her i regionen.

– På ein renteplattform
Banksjefen i Ålesund seier valutakurs og prisstigning vil ha mykje å seie for utviklinga i bustadmarknaden framover. Samtidig er det faktorar ein i liten grad rår over.

– Om vi skal få ned prisstigninga, må arbeidsløysa auke og der ligg ein stor usikkerheit. Også blir det sagt at vi no er på ein renteplattform, som minst vil halde seg fram til sommaren, seier han.

Nordea meiner det ligg an til framleis fall i bustadprisane det første halvåret. Siste halvår er det betre utsikter og banken spår ein prisvekst på 0,2 prosent for heile 2024.

– Eg trur folk kan gå ei lysare tid i møte, og at det er grunn til meir optimisme mot slutten av 2024, seier Christensen.

Publisert: 05.01.2024 05:00

Sist oppdatert: 05.01.2024 10:27

Mer om