Klippfisk Portugal
AUKE: Klippfiskeksporten med ei volumauke på 39 prosent og verdivekst på 37 prosent førre månad. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Kraftig vekst i sjømateksporten

Tala for juli viser at pandemien løyser grepet.

04.08.2021

(NPK-NTB): Aldri har Noreg eksportert sjømat for større verdiar i ein julimånad enn i år. Verdi og volum auka kraftig, godt hjelpt av at pandemien endeleg løyser grepet.

– Målt i verdi er årets juli den beste julien nokosinne for norsk sjømateksport, seier direktør Tom-Jørgen Gangsø for marknadsinnsikt og marknadstilgang i Noregs sjømatråd.

Noreg eksporterte sjømat for 9,5 milliardar kroner i juli – 1,6 milliardar kroner, eller 21 prosent, meir enn i juli i fjor. Så langt i år er det eksportert sjømat for 63,3 milliardar kroner, 9 prosent meir enn i same periode i fjor.

– Det er færre restriksjonar relaterte til pandemien i ei rekkje marknader denne sommaren når vi samanliknar med fjoråret. Det har ein positiv effekt på etterspurnaden, seier Gangsø.

Laksen dominerer
Framleis er laksen det desidert mest etterspurde produktet – med 103.100 eksporterte tonn til ein verdi av 6,9 milliardar kroner i juli. Det er 10 prosent større volum enn i juli i fjor og ein verdivekst på heile 24 prosent.

Veksten kjem delvis av at auka turisme og gjenopning av restaurantsektoren har bidrege til å auke etterspurnaden, meiner analytikar Paul Aandahl i Sjømatrådet.

– Største vekstmarknader for laks i juli er Kina, men det må nemnast at det er samanlikna med ein relativt svak julimånad i fjor, seier han.

Mindre aure
Aureeksporten fall med 13 prosent i juli, til 6.200 tonn, og hadde ein verdi på 381 millionar kroner. Det er ein verdiauke på 11 prosent frå juli i fjor.

Torskeeksporten steig med heile 26 prosent til 2.300 tonn og hadde ein verdi på 92 millionar kroner – 10 prosent meir enn i fjor.

Medan eksporten av frosen torsk fall markant i juli–14 prosent lågare volum og eit verdifall på 19 prosent–var det god vekst for klippfisk, som hadde ein volumauke på 39 prosent og ein verdivekst på 37 prosent.

Skaldyr på frammarsj
I skaldyrkategorien var det vekst over heile linja i juli. Kongekrabbe, reker og snøkrabbe hadde ein volumvekst på høvesvis 38, 24 og 33 prosent og leverte solide veksttal for verdi.

– Eksporten av krabbe har auka både til Europa, Asia og Nord-Amerika. Når vi opplever at reker òg har ein god månad, har juli månad den høgaste verdien for skaldyrkategorien nokosinne med verdi på knappe 406 millionar kroner, seier Aandahl.

(©NPK)

Publisert: 04.08.2021 08:28

Sist oppdatert: 04.08.2021 08:38

Mer om