Øya sjømat hummar yngel kart montasje kart fiskeridirektoratet foto øya sjømat 11
HAR FÅTT LØYVE: Området markert på kartet viser kvar Øya Sjømat kan sette ut hummar på beite nordvest for Harøya. Kart/foto: Fiskeridirektoratet/Øya Sjømat
Nytt

Grønt lys for havbeite med hummar

Etter fem års kamp har Øya Sjømat løyve til å sette planane sine ut i live. Om kort tid vil dei vere på jakt etter dei første tilsette.

Marius Rosbach
17.04.2021

Dagleg leiar Jan Kåre Brunvoll Øya Sjømat kan endeleg juble over at dei kan gå vidare med planane om å sette ut lokal hummar på beite utanfor Harøya.

Nær fem år etter dei første gong sende inn søknad til dåverande Sandøy kommune, er no løyvet frå Møre og Romsdal fylkeskommune på plass.

– Det er ei fin nyheit for oss, og ei lette etter å ha vore gjennom ein bra oppoverbakke. No startar den verkelege jobben, men vi har allereie samla troppane og er i gong med den vidare prosessen, fortel Brunvoll til NETT NO.

Arbeidsplassar på land og sjø
Det første som skal på plass er eit klekkeri på land. Her skal lokal hummar få hjelp til å klekke ut yngel på land. Og anlegget skal ligge på Harøya.

– Klart det, seier Brunvoll – og er klar på at dei jobbar for lokal verdiskaping.

Sjølv om det vil ta minimum fire år før den første hummaryngelen kan bli hausta, vil dei trenge tilsette frå «dag ein», som han seier. Vidare har dei anslått at havbeitesatsinga kan sikre driftsgrunnlaget for lokale fiskarar, og gi sesongarbeid til minst seks båtar.

Opptil 10.000 hummar årleg
NETT NO har tidlegare omtala planane til Øya Sjømat, som selskapet trur kan legge grunnlaget for ei heilt ny næring. Ideen går ut på å sette ut lokal yngel i eit område på nær 18 kvadratkilometer ved Havsteinen nordvest for Harøya i Ålesund kommune.

Vi har eit langt perspektiv på dette
Jan Kåre Brunvoll

Målet på sikt er å etablere eit klekkeri med ein kapasitet på minst 100 rognhummar. Det vil legge grunnlaget for å hauste kring 10.000 hummar årleg.

Brunvoll tvilar på at dei rekk å sette ut yngel denne sesongen.

– No er vi kome så langt ut på året, så vi veit ikkje om vi klarar det. Men vi har eit langt perspektiv på dette, påpeiker han.

Trur på samdrift for turistbesøk
Harøya-selskapet meiner ideen passar perfekt inn i visjonen om å satse på havet i vid forstand.

I grunngjevinga for løyve blir det også vist til at selskapet meiner eit klekkeri kan vere interessant for publikum, og at det kan vere aktuelt med ein form for samdrift, som kan gi turistbesøk til anlegget.

– Øya Sjømat AS har synleggjort at dei er eit selskap som ønskjer å leggje til rette for samarbeid med andre aktørar og på den måten realisere potensialet for å utvikle havbeitenæringa vidare, blant anna med forskingsinstitusjonar, heiter det mellom anna i løyve.

Øya sjømat hummarbeite foto finn refsnes 55
STORE MOGLEGHEITER: Av 100 hummar kan det bli hausta 10.000 hummar - men det tek minimum fire år. Første steg er er å hjelpe hummarane til å klekke ut yngel på land, Foto: Finn Refsnes

Har møtt motstand
Hummar i det fri er freda store delar av året og det har i mange år vore jobba for å auke bestanden. Planane til Øye Sjømat har også fått kjenne på motstand

Mellom anna blei det levert 17 likelydande brev frå privatpersonar som var kritiske, og statsforvaltaren – tidlegare fylkesmannen – hadde sine innvendingar.

No ser Brunvoll på det som eit tilbakelagt kapitel.

– No planlegg vi vegen vidare, og eg opplever ikkje at det er noko stor motstand no, seier han.

Vi kan dokumentere at nettsida blei godt besøkt i høyringsperioda
Jan Kåre Brunvoll

Han meiner ein del er motstanden har vore basert på at dei gjorde ein for dårleg jobb tidlegare med å opplyse om kva dei heldt på med.

Brunvoll fortel at dei har levert flygeblad i postkassene i heile tidlegare Sandøy Kommune, i tillegg til at dei har oppretta nettsida oyasjomat.no som er nytta som informasjonskanal.

– Vi kan dokumentere at nettsida blei godt besøkt i høyringsperioda, og opplevde at det var vellykka, fortel han.

Støtte frå fleire forskingsaktørar
Fylkeskommunen har vurdert innvendingane som kom inn, og konkluderer med at saka er godt nok opplyst.

Dei viser til støtteerklæringar frå NTNU Institutt for bioteknologi og matvitskap, Sintef Ocean og Møreforsking. Også Fiskeridirektoratet, Mattilsynet, Kystverket og Ålesund kommune er mellom dei som har gitt tommel opp for planane.

Brunvoll har tidlegare fortald til NETT NO at det ikkje er noko naturinngrep, eller anna som må ryddast opp i, om satsinga slår feil. Då blir området opna opp att for vanleg fiske.

Det er venta at tettheita med hummar innafor beiteområde vil vere langt høgare, enn utanfor. Men det vil ikkje vere noko form for barrierar som hindrar hummaren frå å vandre ut frå beiteområdet. Og utanfor vil det vere ope for å fiske etter vanlege reglar.

Høgare verdiskaping enn taretråling
Dupont Nutriotion, som haustar tare i området, var mellom dei som var negative i høyringsrunden, og fryktaa for driftsgrunnlaget til selskapet.

Det førte ikkje til at fylkeskommunen endra oppfatning:

– Etter fylkeskommunen si vurdering vil verdiskapinga av havbeite av hummar i det omsøkte området bli mykje høgare enn haustinga av tare i havbeiteområdet kan gi, heiter det i saksutgreiinga.

Truleg ikkje aktuelt med vindpark
I løyvet blir det også vist til at det er gitt konsesjon til utbygging av vindparken Havul I i området, som gjer at det vil bli avgrensa moglegheiter til å drive anna verksemd.

Selskapet som har konsesjon til å bygge ut, har tidlegare stadfesta at det ikkje er konflikt mellom hummar på beite og deira vindpark. I ettertid har olje- og energidepartementet sagt nei til å gi utsett frist for bygging – som gjer at denne utbygginga likevel ikkje er aktuell.

Publisert: 17.04.2021 05:55

Sist oppdatert: 16.04.2021 19:42

Mer om