Vil slå saman nettselskap
Tussa, Tafjord og Sogn og Fjordane Energi vil finne saman i selskap som vil ha 280 tilsette og milliardomsetning.
Tussa Kraft, Tafjord Kraft og Sogn og Fjordane Energi er samde om ein intensjonsavtale om å greie ut samanslåing av nettselskapa Linja AS og Mørenett AS.
Det kjem fram i børsmeldingar frå Tafjord og Sogn og Fjordane Energi torsdag.
Linja gjekk tidlegare under namnet SFE Nett og hovudkontoret ligg i Florø. Straumnettet deira strekk seg frå Sognefjorden i sør, til Sunnmøre i nord.
Mørenett ble etablert i 2014 og hovudkontoret ligg på Dragsund i Herøy.
Selskapet har avdelingar i Ålesund, Ørsta, Vanylven, Norddal og Stryn.
Vil få milliardomsetning
Linja og Mørenett omsette i 2020 for kring 1,1 milliarder. Samla vil dei to selskapa ha kring 280 tilsette, og bli mellom dei større nettselskapa i landet.
Administrerande direktør Rune Kiperberg i Mørenett meiner selskapa vil stå best rusta til å møte framtida ved å samle ressursane.
– Samfunnet vert meir og meir avhengig av eit velfungerande straumnett med rett kvalitet til rett kostnad og med større kapasitet. Dette vil medføre omfattande investeringar i straumnettet i åra framover. Dette vil også auke krava til kompetanse, effektiv drift og økonomisk løfteevne, seier han i pressemeldinga om utgreiinga.
Administrerande direktør Asgeir Aase i Linja meiner lokale og regionale arbeidsplassar blir best sikra ved å samle fagmiljøa.
– Eit felles selskap vil få større kapasitet til å møte dei store utfordringane som bransjen ser dei komande åra. I tillegg vil eit felles nettselskap skape auka rekrutteringskraft, noko som vil vere naudsynt for å skaffe tilstrekkeleg og riktig kompetanse i åra framover uttalar Aase.
Han meiner også at eit felles nettselskap vil gi betre kvalitet på leverte tenester - til ein lågare kostnad.
Kan bli gjennomført neste år
Selskapa skal jobbe med utgreiinga av ei eventuell samanslåing i løpet av første halvår 2022.
Arbeidet handlar i første rekke om å utgreie kva som skal til for å førebu og etablere eit stort nettselskap på Nordvestlandet.
Ei eventuell gjennomføring skal skje andre halvår 2022.
Saka blir oppdatert
Publisert: 16.12.2021 10:05
Sist oppdatert: 16.12.2021 11:11