Hans Petter Bjarøy Aurstad maskiner foto Bjarøy Aurstad
ULIK VERDIVURDERING: Hans Petter Bjarøy i Bjarøy as hadde ei heilt anna vurdering av verdien på maskinparken til K.A. Aurstad enn Aurstad-konsernet hadde.Foto: Aurstad as/Bjarøy as
Nytt

Krass kritikk av verdivurdering

Hans Petter Bjarøy ville betalt minst det doble for maskinparken, enn K.A. Aurstad selde for til søsterselskapet.

15.04.2021

- Det er openbert at verdien - 20 millionar kroner - den heng ikkje på greip, sa Hans Petter Bjarøy i si forklaring i straffesaka mot Cato Aurstad, om prisen Aurstad Maskinutleige hadde avtalt å betale for maskinparken til K.A.Aurstad, to månader før konkursen i K.A.Aurstad,

Om han hadde fått tilbodet ville han betalt 40 millionar kroner for heile maskinparken samla, sa Bjarøy i si forklaring i Søre Sunnmøre tingrett torsdag.

Det store spriket i verdivurderinga er grunnen til at bustyret i 2019 melde transaksjonen til Økokrim, som tok ut tiltale mot Cato Aurstad.

Aurstad er største aksjonær og styremedlem i Aurstad-konsernet og var driftsansvarleg i K. A. Aurstad. Etter Økokrim si vurdering er han ansvarleg for ein transaksjon som var til ugunst for kreditorane i K.A. Aurstad.

Seld for over 40 millionar
Bjarøy er leiar for selskapet Bjarøy as, som vart leigd inn av DNB for å vurdere prisen Aurstad Maskinutleige hadde avtalt for maskinparken. Bjarøy as si vurdering var at maskinparken kunne seljast til 47,5 millionar kroner.

Etter at K.A. Aurstad gjekk konkurs 6. desember 2018 tok bustyret beslag i maskinene, og begrunna det med at Aurstad Maskinutleige ikkje hadde rettsvern for kjøpet.

Etter forhandlingar blei det inngått eit forlik det Aurstad Maskin betalte 9,5 millionar kroner for omlag ein fjerdepart av maskinparkene.

Bjarøy fekk oppdraget med å selje ut resten av maskinparken. Det salet fekk Bjarøy inn 35,5 millionar kroner for.

Dårleg samarbeid
Akkurat som bustyrar Håvard Wiker sa i si vurdering i går, sa Bjarøy at det var eit dårleg samarbeid med selskapet.

Først ein og ein halv månad etter konkursen fekk Bjarøy as tilgang til eit anleggskartotek (ei oversikt over maskiner og utstyr, red. merk), sa Bjarøy.

Både Bjarøy og prosjektleiar Kim Jensen i Bjarøy as, sa i sine forklaringar at administrerande direktør Jo Stian Tverberg hadde gitt tilsette melding om at dei ikkje skulle bistå Bjarøy as rett etter konkursen.

Publisert: 15.04.2021 10:56

Sist oppdatert: 15.04.2021 11:30

Mer om