Geiranger cruiseskip Illustrasjonsfoto Tom Bayly Creative Commons 2 0
GJELD FRÅ 2026: Mellom anna Sjøfartsdirektoratet har meint det er urealistisk å innføre krav til nullutslepp før 2030. Illustrasjonsfoto: Tom Bayly/Creative Commons (2.0)
Nytt

Krav til nullutslepp står fast

Stortinget har sett punktum for diskusjonen om utslepp i verdsarvfjordane - skal gjelde frå 2026.

Marius Rosbach
18.02.2021

(NPK-NTB): Det blir krav om nullutslepp frå turistskip og ferjer i verdsarvfjordane seinast i 2026. Stortinget held nemleg oppe vedtaket sitt om dette frå 2018.

Framstegspartiet foreslo i fjor å utsetje kravet om nullutslepp frå passasjerskip og ferjer i verdsarvfjordane til 2030, noko Sjøfartsdirektoratet òg hadde tilrådd i innstillinga si.

Men no har Stortinget sett eit endeleg punktum i saka etter at næringskomiteen har avvist forslaget. Dermed er det fleirtal i Stortinget for å halde oppe det opphavlege vedtaket frå 2018, slik at kravet om nullutslepp i verdsarvfjordane frå og med 2026 står fast. Dette vil bli banka gjennom neste veke.

– Klok avgjerd
– Dette vedtaket vil stå seg som ei klok avgjerd. No balanserer vi omsyn til miljø og næringsaktivitet. Berekraft handlar ikkje berre om utsleppskutt, det handlar òg om lønnsam næringsaktivitet og busetjing, seier stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H), i ei pressemelding.

Samtidig ber Stortinget regjeringa foreslå tiltak som sikrar verdsarvfjordane som hamn for cruisebåtar òg etter 2026, mellom anna ved at staten sikrar etablering av landstraum i Flåm som planlagt innan 2022.

For å skåne gruveselskapet Gudvangen Stein, som ikkje har moglegheit til å nytte nullutsleppsfartøy, ber Stortinget samtidig regjeringa om å sjå bort frå uttransport av stein med skip frå mineralnæringa frå innføringa av nullutsleppskrava.

– Oppsiktsvekkjande
Geir Pollestad (Sp) – som leiar næringskomiteen – er kritisk til at Stortinget held oppe det opphavlege vedtaket sitt. Senterpartiet ville saman med Frp utsetje kravet til 2030.

– Det er oppsiktsvekkjande at stortingsfleirtalet ikkje ser at koronasituasjonen har snudd opp ned på situasjonen i reiselivet og held fast på vedtaket sitt om nullutslepp i verdsarvfjordane frå 2026. Senterpartiet har lytta til kommunane og bedriftene på Vestlandet og går inn for å utsetje kravet til 2030, seier Pollestad.

Publisert: 18.02.2021 18:52

Sist oppdatert: 18.02.2021 19:19

Mer om