Viktig med rask omstilling til laagutslepp og berekraftig vekst
GRADVIS: - Miljøtiltak bør innførast etter kvart som teknologien vert kommersielt tilgjengelig for ulike typar fartøy. Det vert nemnt i ulike samanhengar at nullutsleppsteknologi er tilgjengeleg allereie i dag for ferjer og mindre fartøy, og vil kunne innførast raskare, seier hamnesjef Rita Berstad Maraak i Stranda hamnevesen.
Nytt

- Viktig med rask omstilling til lågutslepp og berekraftig vekst

Hamnesjefen i Stranda meiner at miljøtiltaka bør innførast etter kvart som teknologien vert tilgjengeleg for ulike typar fartøy.

29.04.2020
- Cruisenæringa og Stranda hamnevesen KF er opptekne av å lukkast med ei rask omstilling til lågutslepp og berekraftig vekst, elles risikerer vi å øydelegge sjølve grunnlaget for det vi driv med – fantastiske naturopplevingar.
- Difor har Stranda hamnevesen KF arbeidd aktivt for å styrke miljøkrava.
Det seier hamnesjef Rita Berstad Maraak i Stranda hamnevesen.

Vil utsetje nullutslepp til 2030

Stortinget har lagt opp til at det skal vere nullutslepp i verdsarvfjordane frå 2026, men ein fersk rapport frå Sjøfartsdirektoratet har langt på veg ei anna tilråding.

Direktoratet meiner at teknologien er for lite utvikla, og at berre mindre fartøy kan vere nullutsleppsfartøy frå 2026.
Dette meiner direktoratet er ei dårleg løysing sidan det er konkurransevridande og ikkje reduserer utsleppa frå dei store skipa.
Difor er tilrådinga at kravet om nullutslepp for cruiseskip, vert utsett til 2030.

- Teknologiutviklinga går ikkje raskt nok

Maraak viser til at utfordringa ligg i at den teknologiske utviklinga ikkje går raskt nok til å møte dei ambisiøse klima- og miljøkrav som ligg føre.
- Tilrådinga frå Sjøfartsdirektoratet om ei utsetjing av vedtaket om nullutslepp i fire år til 2030, stadfestar nettopp dette.
- Vi ser difor på korleis desse realitetane kan innarbeidast i vårt ynskje om eit sterkt fokus på miljø fram til eit samfunn med null utslepp.
Maraak seier at presset for å kome til nullutslepp frå cruisetrafikken, og anna trafikk, må likevel vere til stades.
- Vi meiner og at miljøtiltak bør innførast etter kvart som teknologien vert kommersielt tilgjengelig for ulike typar fartøy. Det vert nemnt i ulike samanhengar at nullutsleppsteknologi er tilgjengeleg allereie i dag for ferjer og mindre fartøy, og vil kunne innførast raskare.

- Gjev ikkje heile svaret

Samstundes er Rita Berstad Maraak overraska over at utgreiinga frå Sjøfartsdirektoratet ikkje vert sett i samanheng med dei såkalla , strenge utsleppskrav som gjeld cruisenæringa.
- For Stranda hamnevesen og reiselivet gjev ikkje denne rapporten heile svaret, seier Maraak etter å ha lest Sjøfartsdirektoratet sine tilrådingar til Klima- og miljødepartementet om å utsetje kravet om nullutslepp frå 2026 til 2030.
- Slik vi oppfattar rapporten, foreslår Sjøfartsdirektoratet at ei utgreiing som gjeld utviding av TIER-krava for å redusere utslepp i verdsarvfjordane til andre norske farvatn, må gjennomførast, før ein går vidare med eit krav om nullutslepp.
- Vi er overraska over at denne utgreiinga ikkje er gjort parallelt, fordi TIER III i 2025 er like alvorleg for trafikken i verdsarvfjordane, som eit vedtak om nullutslepp.

Ti prosent oppfyller TIER-krav

Berstad Maraak meiner at også TIER III bør utsetjast til 2030.
Ho viser til at av ei cruiseflåte på rundt 300 skip er det berre rundt ti prosent som oppfyller krava i TIER III.
- Det er truleg også ytterst få av desse skipa som vert sette i trafikk i Europa og Norge.
Ho fryktar at TIER III-krava kan føre til ein nesten full stopp av cruisetrafikken til norske fjordar, uavhengig av om stortinget har vedtatt nullutslepp eller ei.
- Krav til skipa som seglar i fjordane må følgje dei internasjonale IMO reguleringane, altså krav som til einkvar tid gjeld og som minimum tilfredsstiller TIER II. Dette er føreseieleg for cruiserederia, og oppnåeleg, slik vi oppfattar det.

Store tap

Ho meiner at på denne måten kan ein oppnå ein gradvis overgang til klimavenleg skipsfart i Norge og fortsatt oppretthalde cruisenæringa både i Norge og fjordane.
- Usikkerheit og uro om særnorske krav vil kunne leie til mindre aktivitet og kraftig nedgang i lokal verdiskaping.
I ei fersk konsekvensutgreiing utført på vegne av reiselivet i området, vert det anslått at dei
Det var i år planlagt å kome 215 skip til Geiranger og 135 til Hellesylt, men så vart det bråstopp.
For kommunen betyr cruisestoppen også tapte inntekter på rundt 30 millionar kroner.

Støtte frå Carnival

Carnival stod bak mange av dei planlagde cruisebesøka i Geiranger og Hellesylt i år.
Sandra Diana Bratland, direktør for Destination Affairs i Carnival Norway synst ei utsetjing av nullutsleppskrav til 2030 er ei god løysing.
- Det er svært lite sannsynleg at vi vil sjå fullskala cruiseskip med nullutsleppsteknologi i 2026, noko som ville føre til at cruiseskipa og den økonomiske betydninga av disse forsvann frå verdsarvfjordane, seier ho.

- Krava ligg fast

NCE Maritime CleanTech-direktør Hege Økland meiner derimot at Sjøfartsdirektoratet sine tilrådingar ikkje endrar kravet om nullutslepp frå 2026.
- Sjøfartsdirektoratet fekk i bestilling frå KLD (Klima og miljøverndepartementet, red merk) å avklare begrepa som ligg i Stortingsvedtaket, til dømes kva som er meint med nullutslepp, men har altså i staden vald å fokusere på teknologistatus.

Publisert: 29.04.2020 08:30

Sist oppdatert: 30.07.2022 19:33