Krev at verfta ryddar opp
– Heilt uakseptabelt, seier arbeidsministeren om løns- og arbeidsvilkåra som er avdekka.
Arbeidsminister Marte Mjøs Persen krev at verftsindustrien ryddar opp etter avsløringane om manglande kontroll med underleverandørar hos skipsverfta.
Etter at Arbeidstilsynet gjorde tilsyn ved åtte verft i Møre og Romsdal, og fann grove brot på arbeidstid, minsteløn og registrering av tilsette.
– Det er heilt uakseptabelt. Vi skal ikkje ha sånne tilstandar i norsk arbeidsliv. I Norge er det norske løns- og arbeidsvilkår som skal gjelde og arbeidsgivar har ein heilt klar plikt til å følgje opp dette, seier Persen til NRK Møre og Romsdal.
Ilagt milliongebyr
Statsråden legg til at ho er glad for at A-krimsamarbeidet mellom
Arbeidstilsynet, skatteetaten og politiet har avdekka dei kritikkverdige
forholda.
Heile 167 pålegg blei gitt til underleverandørane i samband med aksjonen som gjekk føre seg i 2020 og 2021. Så langt er det ilagt fire gebyr på mellom 42.000 og 1,2 millionar kroner – og det kan bli fleire.
Vard-konsernet opplyste tysdag at dei sette i verk strakstiltak og svartelista fleire underleverandørar, så snart dei blei gjort merksam på forholda.
Meiner kontrollen ikkje har vore god nok
Eit sentralt mål ved aksjonen har vore å hjelpe verfta til å betre sin
eigen internkontroll, slik at dei betre kan førebygge kriminalitet i
framtida.
Fungerande leiar Henrik Dalelid Vedde i Maritimt Forum Nordvest gjesta studioet til kanalen i Ålesund. Han meiner avsløringane svekkar omdømme til verftsbransjen, men har tiltru til at bedriftene vil gjere det som er nødvendig for å følge opp.
Også NHO-direktør Espen Remme og leiar Stein Lier Hansen i Norsk
Industri reagerer på resultata av tilsyna. Hansen seier til NRK at dei
viser at verftsindustrien ikkje har hatt god nok kontroll på rutinane.
Publisert: 04.05.2022 09:38
Sist oppdatert: 04.05.2022 09:51