Myklebust verft innfelt lars conradi andersen foto kjetil
MYKLEBUST: MS Richard With ligg i dokka på Myklebust og får sett inn nye hovedmotorar og batteripakke. Verftsdirektør Lars Conradi Andersen er ikkje imponert over støtten norske verft får. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Saknar meir støtte til norske verft

Hurtigruteskipet Richard With ligg ved Myklebust Verft for å verte eit grønare skip. Direktøren etterlyser større nasjonal satsing på norske verft.

05.03.2022

- Det er unekteleg merkeleg å sjå at statsfinansierte Enova gir store midlar til prosjekt der skipa vert bygda i Tyrkia eller andre land, medan dei ikkje vil yte støtte til for eksempel landstraumanlegg ved norske verft.

- Dette er ikkje akkurat med på å støtte opp under norsk verftsindustri.

Det seier verftsdirektør Lars Conradi Andersen ved Myklebust Verft.

800 innom portane
Hjørnesteinsbedrifta i Sande har 150 eigne tilsette, men ligg gjerne på rundt 500 arbeidarar innom portane dagleg.

Når Røkke-skipet Akofs Seafarer kjem tilbake til Gursken om to veker for å demobilisere og mobilisere til nytt oppdrag, vil det vere over 800 innom portane.

- Norske verft er uhyre viktige for verdiskaping og sysselsetjinga langs kysten, men det ser ut til at fleirtalet av politikarane har problem med å innsjå dette, seier Conradi Andersen.

Bilde 2022 03 01 095701
ARBEID: 156 meter lange Akofs Seafarer kjem snart tilbake til Myklebust etter at skipet gjennomførde ei stor ombygging ved verftet i 2019. Foto: Myklebust

Skeiv konkurranse
Han viser blant anna til allmenngjering av lønene, noko som ikkje er tilfelle i land som Danmark, slik at danske verft fort har ein fordel i konkurranse om oppdraga.

Blant anna har danske Karstensens Skibsværft fått mange oppdrag med bygging av norske fiskebåtar.

- Vi har slett ikkje noko imot allmengjering av løner, men dette må følgjast opp med andre tiltak som gjer at vi lettare kan konkurrere med utanlandske verft, seier Conradi Andersen.

(saka held fram under)
Lars conradi andersen leiv sindre muren foto kjetil 11
GURSKEN: Verftsdirektør Lars Conradi Andersen og finansdirektør Leiv Sindre Muren ved Myklebust Verft. Foto: Kjetil Haanes

Ved verftet ligg i dag hurtigruteskipet MS Richard With, som skal få inn nye hovedmotorar og batteripakkar som ein ledd i at Hurtigruten skal gjere flåten meir miljøvenleg.

Norske verft er uhyre viktige for verdiskaping og sysselsetjinga langs kysten
Lars Conradi Andersen

Grøne oppdrag
Seinare kjem MS Kong Harald til Myklebust for eit tilsvarande oppdrag.

- Vi har stor tru på at det også vil verte andre grøne oppdrag framover for Myklebust, seier Conradi Andersen.

Han meiner at norske verft vil ha ei nøkkelrolle i å gjere skipsfarten meir miljøvenleg.

- Det er enormt mange skip som må gjere endringar for å tilpasse seg nye miljøkrav, og den kompetansen norske verft sitt på vil være ein avgjerande faktor i arbeidet med å få ned utslepp i skipsfarten framover.

Tyrkia-frykt
Myklebust Verft har bygt fleire ferjer siste åra, men no er det mest fokus på brønnbåtbygging.

Under Ocean Summit torsdag i regi av Nordvest Forum uttrykte stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen (Ap) uro for at dei nye hydrogenferjene som skal krysse Vestfjorden vert bygde i Tyrkia.

- Norske verft må konkurrere med andre, det er ingen veg utanom det. Men når det er utvikla ny teknologi og når den er utvikla 100 prosent finansiert av norske skattepengar så tenkjer eg at dette (skipa, red. merk) også blir bygde i Noreg, seier Kjølmoen til NETT NO.

- Må stramme inn regelverket
Også energi- og klimapolitisk talsperson Lars Haltbrekken i SV er uroleg for norsk verftsindustri.

Han viser til at Tyrkia har overtatt mange av kontraktane som tidlegare gjekk til norske verft. Han får støtte frå leiar Jørn Eggum i Fellesforbundet.

– Regjeringa må sørgje for å stramme inn regelverket slik at norske verft får oppdraga, seier Eggum.

Publisert: 05.03.2022 06:00

Sist oppdatert: 04.03.2022 23:48

Mer om