Kalddusj om skatt og samferdsel
Samferdselsatsinga til Solberg-regjeringa kjem aldri tilbake - og skattane til Støre-regjeringa er tunge å bli kvitt.
ANALYSE:
Spådommen er Tor Mikkel Waras. Han deltok på advokatselskapet Adviso sitt formiddagsmøte om rammevilkåra for næringslivet torsdag 10. mai. Den tidlegare Frp-toppen og justisministeren gav dei omlag 200 frammøtte ein liten kalddusj, både når det gjeld forventingar til samferdselsutbygging og reversering av skatteauke.
Det gjekk troll i ord. Allereie dagen etter kom revidert statsbudsjett - med beskjed om at Stad Skipstunnel skal vurderast på nytt. Den er blitt for dyr.
Wara si oppgåve var å forklare dei omlag 200 frammøte korleis regjeringa arbeider når statsbudsjettet blir laga og kor mykje - eller lite - handlingsrom politikarane har.
Jonas Gahr Støre har eit tøffare utgangspunkt enn Erna Solberg hadde, etter Wara si vurdering - rett og slett fordi trygde- og helseutgiftene veks og veks, utan at politikarane gjer eit einaste vedtak.
Det blir fleire eldre, dei eldre utgjer ein aukande del av folket og lever lenger. Dei 5-6 frie milliardane kronene ekstra som Solberg-statsrådane kunne legge på budsjetta sine er der ikkje lenger. Dei er allereie bundne opp.
På toppen av dette kjem kostnadane knytt til krig i Ukraina, opprustning av Forsvaret og prisstigning.
Konsekvensen blir mellom anna at den stortstilte satsinga på nye samferdselprosjekt under Solberg-regjeringa ikkje kjem tilbake. Det var ekstraordinært, og heller ikkje om Solberg gjer comeback i statministerstolen i 2025 kan ein vente seg slike investeringar igjen, etter Wara si vurdering.
Stad Skipstunnel kan fort ende opp som ei symbolsak, der kysten står mot sentralmakta, der kostnadane til slutt ikkje spelar så stor rolle.
Men Wara sitt poeng gjeld likevel, sjølv om Stad Skipstunnel skulle bli berga.
Han trur at mange prosjekt som står i den gjeldande Nasjonal Transportplan (NTP) ikkje blir realisert, og at neste NTP blir mindre ambisiøs enn dagens.
Det kan mellom anna bety at ferjefritt samband mellom Sula og Hareidlandet og under Romsdalsfjorden blir skubba ut i æva - eventuelt med hjelp av litt intern kjekling på Nordvestlandet.
Om tilhøyrarane ikkje vart mismodige når det gjeld samferdselsutbygging hadde Wara ein bodskap til: Skatteauken som Støre-regjeringa har fått innført for næringsliv og bedriftseigarar blir ikkje fjerna over natta.
Ap/Sp-regjeringa har auka skattane meir sidan den fekk makta for knappe to år sidan, enn Solberg-regjeringa greidd å kutte i løpet av åtte år, seier Wara til NETT NO.
Høgre har nyleg fått Finansdepartementet til å berekne kor mykje oppdrettselskapa må rekne med å betale i skatt som følgje av grunnrenteskatten.
Svaret er 16-17 milliardar kroner. Føresetnadane for reknestykket kan endre seg, og næringa sjølv har tidlegare berekna at konsekvensen av framlegget er ein ekstraskatt på rundt 10 milliardar kroner, men beløpa illustrerer uansett at det er snakk om mykje pengar som skal inn i statskassa.
Det er lettare å gjennomføre ein skatteauke enn å reversere den, åtvara stortingrepresentant Alfred Bjørlo i fjor haust.
Blir skatteauken, og spesielt grunnrenteskatten på oppdrett, først innført blir den ikkje reversert på 1-2-3, sjølv etter eit regjeringsskifte, etter Bjørlo si vurdering.
- Det for store beløp til det, sa han.
Det er ei vurdering Wara deler.
Det kan fort bli slik at næringslivet må prioritere kvar det ønskjer ei eventuell ny Solberg-regjering skal kutte - i grunnrenteskatten for oppdrettsnæringa, eller formuesskatten som omfattar eigarar av alle slags bedrifter.
Publisert: 14.05.2023 05:00
Sist oppdatert: 14.05.2023 06:30