Kritisk til fiskevelferda i oppdrett
Ikkje gjort nok for hindre sjukdom og dårleg fiskevelferd i havbruksnæringa, meiner riksrevisoren.
(NPK-NTB): Riksrevisjonen meiner styresmaktene ikkje har gjort nok for å hindre sjukdom og dårleg fiskevelferd i havbruksnæringa.
– Dette fører til høg fiskedøying og økonomiske tap, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen i ei pressemelding.
Riksrevisjonen har i sin nyaste rapport sett på fiskevelferda i havbruksnæringa. Konklusjonen er at Nærings- og fiskeridepartementet og underliggjande etatar ikkje har gjort nok for å redusere dei vedvarande utfordringane med sjukdom og dårleg fiskevelferd.
Les også
Fisken blir sjukare
Det er kritikkverdig, meiner Riksrevisjonen. Dette er den nest mest alvorlege forma for kritikk revisjonen kan komme med.
I rapporten blir det peika på at oppdrettsanlegga ligg tett, særleg på Vestlandet, og at det er fleire utbrot av sjukdommen infeksiøs lakseanemi langs kysten kvart år.
Helsa og velferda til fisk i havbruksnæringa er ikkje tilstrekkeleg vareteken, slår Riksrevisjonen fast. Ifølgje Riksrevisjonen er det vedvarande utfordringar med fleire sjukdommar i havbruksnæringa, og enkelte nye sjukdommar aukar i omfang.
Sjukdom, sår og skadar reduserer verdien på laksen som blir produsert, sidan laks med sår og misdanningar ikkje kan omsetjast direkte til menneskeleg konsum, heiter det i rapporten.
Viser til oppdrettarane
– La det vere klart: Norsk oppdrettsfisk skal vere frisk og ha god velferd, slår fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) fast.
Han meiner ansvaret for fiskehelsa først og fremst ligg hos oppdrettar, men erkjenner at styresmaktene ikkje har gjort nok for å sikre at næringa varetek dette i tilstrekkeleg grad.
– Vi kan alle vere samde om at dødelegheita i norsk oppdrett er for høg, og at næringa ikkje har teke tilstrekkelege grep for å endre på dette. Samtidig opplever eg at både næringa sjølv og styresmaktene har eit felles mål med å redusere dødelegheita ved å betre fiskevelferda og biotryggleiken til anlegga, og interesse av å lykkast med det, skriv han i ein e-post.
Tilrår å stramme inn
Riksrevisjonen meiner også det er kritikkverdig at Mattilsynet ikkje har eit godt nok system for å gjennomføre eit såkalla risikobasert tilsyn. I tillegg er det for lite samarbeid mellom Mattilsynet og Fiskeridirektoratet, slår revisjonen fast.
I rapporten får Nærings- og fiskeridepartementet ei rekkje tilrådingar. Fleire av dei knyter seg til Mattilsynets tilsynsverksemd og samarbeid med Fiskeridirektoratet.
Riksrevisjonen tilrår også å utvikle regelverket for risikostyring og internkontroll i havbruksnæringa, og dessutan vurdere å setje krav til standardar for anlegg og utstyr med krav til dokumentasjon, overvaking og sertifisering.
(©NPK)
Publisert: 08.06.2023 14:56
Sist oppdatert: 09.06.2023 00:28