Oppdrett ntb sak innfelt kjetil østli ikk gjenbruk 11
KRAFTIG VEKST: Oppdrettsnæringa kom nærmast ut frå ingenting og vaks seg til ei stor og viktig næring for Noreg. I ei ny bok av Kjetil Østli (innfelt) og Simen Sætre blir den kraftige veksten problematisert. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK / Spartacus:
Nytt

Ser kritisk på oppdrettseventyret

Ny bok skildrar det norske oppdrettseventyret - på godt og vondt - og problematiserer den enorme veksten.

NPK
14.11.2021

Husdyra våre har frå dei første sivilisasjonane oppstod blitt forma av menneska for å passe inn i eit menneskestyrt samfunn i stadig endring. Vi har forma dyra i vårt bilete, men eitt dyr gjekk lenge fri for menneskelege taumar: Fisken som sym i elvene, sjøane og hava våre, hadde vore der i millionar av år utan å bli endra av oss. Men så skjedde det noko.

Sidan byrjinga av 1970-talet har fiskeoppdrett vakse til å bli ei av dei viktigaste distriktsnæringane i Noreg.

– Vi ville gå tilbake til start og sjå på kor fort oppdrettsnæringa har utvikla seg og kor rik og mektig næringa har blitt på kort tid, seier Kjetil Østli til Nynorsk pressekontor.

Saman med Simen Sætre har han forfatta boka «Den nye fisken» som kom ut på Spartacus forlag tidlegare i haust. Boka har fått både ros og ris sidan ho kom. Fleire har kritisert boka for å vere for negativ til oppdrettsnæringa.

– Vi har prøvd å fortelje med kritisk blikk. Så kan nokon i sjømatnasjonen meine at vi er for sure og at vi er laksehatarar. Men vi meiner tvert om at det i ein oppegåande nasjon med så stor vekst i ein bransje, er eit gode at det kjem kritisk journalistikk. Både folket og Noreg som stat tener på at ein gjer god journalistikk på noko, seier Østli.

Eventyr i ekspressfart
Det er ikkje meir enn om lag femti år sidan dei første entreprenørane så smått byrja å eksperimentere med oppdrett av fisk. Rundt 1970 produserte vi i Noreg i underkant av 1000 tonn aure og laks i norske oppdrettsanlegg per år. I dag produserer vi omtrent 1,5 millionar tonn.

– Heile vegen har næringa vore i enorm vekst. Framleis går diskusjonen om korleis ein kan femdoble sjømatnæringa. Korleis ein kan gjere sjømat og laks til den nye oljen. Havet blir sett på som den blå åkeren- framtidas matfat, seier Østli.

Han fortel at eit ønske med boka er å belyse kva hinder forsking og forvalting har møtt på når dei har problematisert ulike sider av næringa.

– Kva har næringa svart når forsking og forvalting seier at ein har problem og utfordringar som må løysast? Vi gjekk og såg på forskingas fridom. Vi ville sjå kva som hadde skjedd med folk som påpeika utfordringar som måtte løysast før næringa kunne vekse vidare.

Viktig for distrikta
Ifølgje ferske tal frå Menon Economics er havbruk og oppdrett viktige næringar for sysselsetting i distrikta. Likevel har det bokstavleg talt vore fleire skjær i sjøen. Motstanden har vore stor, og det har vore debatt rundt både forureininga oppdrettsanlegga forårsakar i fjordane, og måten næringa blir skattlagd på.

– Ønsket vårt har vore at når ting går fort, så må ein vere ekstra påpasseleg med å hugse føre var-prinsippet. Føre var-prinsippet kan sjølvsagt vere plagsamt, særleg når uventa problem oppstår, men det gjer det ekstra viktig å hugse på, seier Østli.

(saka held fram under)

Oppdrett ntb sak montasje bokomslag ikke gjenbruk 33
RIS OG ROS: «Den nye fisken» som kom ut på Spartacus forlag tidlegare i haust har fått både ros og ris og fleire har kritisert boka for å vere for negativ til oppdrettsnæringa og deira virke. Foto: Gorm Kallestad / NTB/ NPK / Spartacus
Den eines brød den andres fiskedød

Eit industrieventyr fortalt i ekspressfart vil ikkje berre vere ei forteljing om alt det gode. Fiskehelse, lus problematikk, uønskte stoff i både fôr og ferdige produkt, og dårlegare kår for villaksen – det er berre nokre av dei skjæra som har poppa opp parallelt med oppdrettsveksten.

– Når det vert for mykje lakselus ved eit anlegg, og ein prøver å vinne over dei med kjemikaliar som igjen kan påverke økosystema, og gjere lusa resistent. Ein prøver nye metodar som leppefisk som reinsefisk. Og andre lusemetodar som varmtvasspyling. Som òg viser seg å vere ille for fisken. Det blir ein vond sirkel, seier Østli.

Håp om endring
Både Havforskingsinstituttet, Veterinærinstituttet og Mattilsynet med fleire påpeikar at det er utfordringar med dyrevelferd og døyelegheit. Laksen er rekna som husdyr og er difor omfatta av dyrevelferdslova. Østli meiner det er endringsvilje å spore i oppdrettsnæringa i desse dagar.

– Det vesle håpet vårt er at dyrevelferd skal bli viktigare. Dei generelle strøymingane i verda viser at det blir viktigare på generell basis. Det skjer heilt uavhengig av oss og viser at også næringa vil ha betre velferd, seier Østli.

Han viser til at 50–60 millionar laks kvart år døyr før han er slakteklar.

– Sjølv næringa skjønar at det ikkje er berekraftig i lengda.

– Eg håpar og trur på endring. Så kan sikkert dei største oppdrettskritikarane seie at det er altfor naivt, men eg trur endringa er i gang, avsluttar Østli.

Kjenner seg ikkje att
Sjømat Noreg, som organiserer cirka 770 medlemsbedrifter i fiskerinæringa, kjenner seg ikkje att i at ein ikkje har teke dyrevelferda på alvor i oppdrettsnæringa.

– Vi ønskjer heile tida å bli betre. Havbrukarar er som bøndene, vi har husdyr ein vil skal det godt, men samstundes kan ein alltid bli betre. Døyelegheita er på cirka 15 prosent, noko som svarar til snittet for industriell matproduksjon. Det er på inga måte noko kvilepute, seier kommunikasjonssjef Øyvind Andre Haram i Sjømat Norge til Nynorsk pressekontor.

Han seier at oppdrettsnæringa stadig søkar nye måtar å betre fiskehelsa på.

– Sjømat Norge er med å utvikle velferdsparameter, slik at vi kan vite og forstå meir om korleis fisken faktisk har det, seier Haram.

(©NPK)

Publisert: 14.11.2021 16:35

Sist oppdatert: 14.11.2021 16:54

Mer om