Ny motstand mot avlusingsmetode
I fjor sa Mattilsynet ja til å bruke varmt vatn mot lakselus. No seier fleirtalet i Rådet for dyreetikk nei.
Rådet for dyreetikk konkluderer med at bruken av varmt vatn mot lakselus "er dyrevelferdsmessig og etisk uakseptabel".
Behandlinga er omstridd, og utfordringane er først og fremst høg dødelegheit under og etter behandling, fysiske skadar på fisken, panikkreaksjonar og dårleg velferd, skriv Rådet for dyreetikk i ein uttale.
Fleirtalet i rådet stiller seg bak uttalen, medan eitt medlem tek dissens. Ho argumenterer mellom anna med at brukt av varmt vatn har vore vanleg avlusingsmetode. Dermed vil vere mange fiskar som døyr under behandlinga - mellom anna på grunn av handteringa og fisken før og etter - utan at det viser at det er sjølve bruken av varmt vatn som ikkje er eigna. Ho viser og til at det snart kjem rapportar og vitskaplege artiklar som vil underbygge hennar syn.
Uttalen frå Rådet for dyreetikk er rådgivande.
Ja frå Mattilsynet
Etter forsøk som viste at varmt vatn kan vere smertefullt for laksen gav Mattilsynet i 2019 oppdrettsnæringa to års frist til dokumenterer at metoden med å køyre laksen kjapt gjennom eit bad med vatn på mellom 28 og 34 grader kan nyttast på ein fiskevelferdsmessig forsvarleg måte.
I april 2021 sende Mattilsynet ut ei melding om at behandlingsmetoden kan halde fram.
"Det vil være mulig å benytte termisk behandling mot lakselus dersom effekten mot lusa er god og behandlingen gjennomføres på en forsvarlig måte.", heitte det i meldinga frå Mattilsynet.
Optimarsuksess
Optimar hadde suksess då selskapet lanserte eit anlegg for bruk av varmt vatn mot lakselus, men salet stoppa då Mattilsynet varsla at det vurderte at metoden kunne bli stoppa.
NETT NO har førebels ikkje lukkast i å få ein kommentar frå Optimar til uttalen frå Rådet for dyreetikk.
Veterinærinstituttet lagar kvart år ein rapport om fiskehelse.
I Fiskehelserapporten 2021 skriv Veterinærinstituttet at av 72 spurte i fjor svarte 31 prosent av oppdrettarane som brukte varmt vatn mot lakselus at dei brukte vassbad med 33-34 grader, 38 prosent bruket 31-31 grader, 13 prosent 29-30 grader, seks prosent 28 grader, tre prosent 27 grader eller mindre som vanleg behandlingtemperatur. 11 prosent svarte veit ikkje.
Publisert: 27.06.2022 09:35
Sist oppdatert: 27.06.2022 19:55