Hogne Bleie foto Ogne
FORSKE: Utan avlusing med varmt vatn måtte norsk oppdrettsnæring redusert produksjonen, meiner Hogne Bleie. Han skal koordinere eit fireårig forskingsprosjekt på fiskevelferd og avlusing. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Samordnar forsking for viktig avlusingsmetode

Eit fireårig forskingsprosjekt skal sikre at avlusingmetoden med oppvarma vatn får leve vidare.

27.08.2021

Under Aqua Nor-messa 2019 sende Mattilsynet sjokkbølger inn i oppdrettsnæringa.

Innan to år måtte oppdrettarane fase ut bruken av avlusing med varmt vatn om ikkje ny kunnskap dokumenterer at metoden kunne nyttast på ein velferdsmessig forsvarleg måte.

I vår kom meldinga om at avlusingsmetoden kunne halde fram, men med krav om at det måtte forskast meir på metoden.

Pengemaskin
Anlegg for å avluse fisk med thermisk behandling blei tatt godt i mot i marknaden og blei ein stor suksess for Optimar. Men etter at Mattilsynet kom med fristen for to år sidan opplevde selskapet at forespørslane blei begrensa. Ingen kontrakter blei signert i den perioden.

Podium

E12/S2 Arne Nore og Roger Hofseth - historia og framtida til norsk oppdrettsnæring.

Etter at Mattilsynet vende tommelen opp for metoden igjen har selskapet fått mange forespørslar om slike anlegg. Bruk av thermisk behandling for å fjerne lus er både effektivt og skånsamt.

Det seier visepresident for Optimar sitt salsarbeid inn til oppdrettsbransjen, Hans Owen Thunem, som denne veka er på plass hos Aqua Nor-messa i Trondheim.

Fordi parasitten lakselus har utvikla motstandsevne mot kjemikaliar i lakselusmiddel, har avlusing med varmt middel blitt ein svært viktig metode for å halde lakselusbestanden nede.

Lakselus et av skinnet på laks og sjøaure. Det er plagsamt og kan utvikle sår, som gjer fisken meir sårbar for sjukdom. Både vill fisk og oppdrettsfisk blir råka av lakselus.

Fire års forsking
Hogne Bleie i rådgivingselskapet Mallard, har fått jobben med å koordinere det fireårige forskingsprosjektet.

- Vi skal finne ei felles forståing for kva som er god velferd for fisk, med spesiell merksemd på avlusingsmetodar, seier han.

Utan termisk avlusing ville norsk oppdrettsnæring måtte redusere produksjonen, etter Bleie si vurdering.

- Ja, det trur eg bestemt, seier han.

11,5 millionar frå Forskingsrådet
Forskingsprosjektet har fått 11,5 millionar kroner i støtte frå Forskingsrådet. Det skal vare i fire år og startar til hausten. Det er Havforskningsinstituttet (HI) som leier prosjektet, der også NOFIMA og Veterinærinstituttet, Universitetet i Wageningen i Nederland er med, i tillegg til organisasjoner, havbruksselskap og reiarlag. Norecopa som er ein kunnskapsbasert organisasjon som arbeider for velferd i dyreforsøk, er også med i prosjektet, ifølgje ei pressemelding.

Bleie seier i pressemeldinga at prosjektet kom til etter eit initiativ frå brønnbåtreiarlaget Rostein hausten 2019, da mange leiandee næringsaktørar gjekkk saman for å dele kunnskap og å fremme forskning om fiskevelferd med ikkje-medikamentell avlusing.

Publisert: 27.08.2021 05:55

Sist oppdatert: 27.08.2021 11:10

Mer om