Kronejubel i Geiranger
FLEIRE GJESTER: Kronekursfallet gjer at at hotelldirektør Sindre Mjelva ventar mellom fem og ti prosent auke i trafikken neste år.
Nytt

Kronejubel i Geiranger

Union-direktør Sindre Mjelva kan juble over fallet i kronekursen. Les kor mange fleire gjestar han vonar på.

19.12.2014
Medan syden-turar blir dyrare for nordmenn, blir Noregsturar billegare for utlendingar. Det tener den norske turistnæringa på. For dei som har fulltreff med forhandlingstidpunktet kan Noregsturen neste år bli heile 20 prosent billegare, fortel direktør Sindre Mjelva ved Union Hotel i Geiranger.
I gjennomsnitt reknar han med at utlendingar får Noregsturen neste år mellom åtte og 13 prosent billegare enn i år.

10 prosent meir

Dei siste vekene har turoperatørane i utlandet fått augene opp for kva som har skjedd.
- Det er akkurat no det byrjar å kome. Det ligg an til ein auke på fem-ti prosent, seier Mjelva om trafikken i 2015.
Mange av dei store kontraktene for 2015 er allereie i boks. Der er det for seint å justere prisane, slik at også hotellet får ta ut ein del av gevinsten.
- Her kjem mange byrå til å gjere store pengar, seier Mjelva.

Minst like bra som 2014

At mange store kontrakter var i boks før effekten av kronekursfallet kom for fullt gjer at Mjelva først og fremst får ein gevinst i form av fleire gjester i 2015.
- Konklusjonen vår er at 2015 blir minst like bra som i 2014, og sannsynlegvis betre, seier Mjelva.
Han er allereie i gang med å forhandle med dei store operatørane om 2016, og der vonar han at også han kan ta ut ein gevinst i form av høgare prisar.
Når krona fell mot utanlandsk valuta kan norske turistbedrifter og eksportbedrifter heve prisane i norske kroner, utan at det blir dyrare for utlendingane.

Auka konkurransevne

Fallet i kronekursen har auka konkurranseevna til norske bedrifter kraftig, sa sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i Swedbankn til NETT NO i november.

Den ekstra lønsveksten som norske arbeidstakarar har fått samanlikna med utlandet sidan finanskrisa starta i 2007/2008 er borte vekk. Vi er attende på den skilnaden som var mellom norske og utanlandske løner for sju år sidan, takka vere at krona er blitt svakare. Dette gir ein stor auke i konkurranseevna, sa Andreassen.
2015 blir minst like bra som i 2014, og sannsynlegvis betre

Publisert: 19.12.2014 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39