Kvamsoey bedrift vil vekse
KVAMSØY i SANDE: Brimer produserer og sel glasfiberprodukt/-tankar  til høgdebasseng, industri, fiske, oppdrett og landbruket mellom anna. Dei hadde 41 tilsette ved årsskiftet. 
Nytt

Kvamsøy-bedrift vil vekse

Med nye medeigarar og ny dagleg leiar, siktar Brimer mot framtida og med ambisjonar om å vekse kraftig. I fjor bar imidlertid resultatet preg av veksesmerter. 

Kristin Vidhammer
10.08.2016

Brimer produserer tanker, vassbasseng og siloar av glasfiberarmert plast. Desse leverast til mellom anna vassforsyning, vassrensing, kloakkrensing, fisk og fiskeforedling, industri, offshore og landbruk.
Brimer har opparbeidd seg ein sterk posisjon innanfor kommunal teknisk sektor, der basseng til oppbevaring av drikkevatn har vore det viktigaste produktområdet. Dei seinare åra har selskapet også satsa meir mot akvakultur, fiskeri og oljeservice.
Les også:
Det er spesielt bestillingar på store vassbasseng frå det offentlege som har skote fart. Kvamsøy-bedrifta er klart størst i Norge på produksjon av store vassbasseng.
Med nye former kan ein produsere anlegg som har 28 meter i diameter og der dei største anlegga rommar rundt 5.000 kubikkmeter.

Vekstambisjonar

På grunn av plassbegrensingar på fabrikken på Kvamsøya mellom anna, produserer selskapet stadig meir i Latvia. Dette skjer i samarbeid med det norske selskapet Norpartner.
- Vi ønskjer og ser føre oss ein betydeleg vekst, og minstekravet må vere å kome opp i 200 millionar kroner innan fem år, sa Håkon Berg i investeringsselskapet Midtvest Fondene til NETT No tidlegare i år.
Les også:

Nye medeigarar

Midtvest Fondene gjekk saman med Spilka International og satsa 12 millionar kroner på å kome inn på eigarsida i mai 2015. Dei to nye medeigarane fekk en eigarandel på 54 prosent fordelt med 32,5 prosent på Midtvest og 21,7 prosent på Spilka International. Resten av aksjane er eigd 46 prosent av Brimer Holding, og der Jarle Støylen er hovedaksjonær.
Midvest Fondene består av to investeringsfond retta mot små og mellomstore vekstbedrifter i Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal.
Ifylgje Berg er det også meir å gå på når det gjeld kapital frå fonda han representerer om det skulle trengast.- Vi har ein kapitalbase på over 250 millionar kroner som er investert i desse selskapa. Og vi har betydeleg tilleggskapital tilgjengeleg, sa Berg vidare.
Les også:

Ny dagleg leiar tidlegare i år

Etter førti år i Brimer ba Jarle Støylen for eit tid tilbake om avløysing som dagleg leiar. Frå april i år tok dermed Håvard Haanes over som administrerande direktør, og Støylen konsentrerer seg om produkt- og marknadsutvikling.
Haanes er utdanna sivilingeniør frå NTH og har mellom anna erfaringar frå Stadt Automasjon AS, Odim ASA og Rolls-Royce Marine. Han har også vore administrerande direktør i Tingstad.

Resultat

I fjor vart omsetninga 80 millionar kroner i 2015, som er opp frå 55 millionar i 2014 og 37 millionar året før.
Teknisk sett vart det etablert eit nytt selskap, Brimer as, i oktober 2014 og som erstatta tidlegare drift i Brimer Eigedom og Brimer Holding. Dette gjer at regnskapstala ikkje er direkte samanlignbare (sjå tabell).
Året var noko prega av veksesmerter og dei har også tatt ekstraordinære eingongskostnader i 2015. Det har imidlertid vore full produksjon på Kvamsøya, i tillegg til produsjon i Latvia.

To tøffe foregåande år

I 2013 og 2014 hadde selskapet krevjande år. I 2013 måtte selskapet bokføre eit tap på 2,9 millionar kroner etter at selskapet i 2005 etablerte seg i den tunesiske byen Ennandour.
Les også:
- I 2014 var det truleg vårt vanskelegaste år i vår 40-årige historie. I år teiknar det til å verte «all time high», sa dagleg leiar Jarle Støylen til NETT NO tidlegare.
Minstekravet må vere å kome opp i 200 millionar kroner innan fem år

Publisert: 10.08.2016 09:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59