Kystruten kjem til kai på Mjølstadneset
Det nye skipet legg til ved Havila-bygget på første seglas.
Havila Capella legg ut på sin første seglas søndag på den tradisjonsrike Bergen-Kirkenes-ruta.
Måndag morgon kjem Havila Kystrutens første skip til heimkommunen, og vil då legge til ved Mjølstadneset, opplyser reiarlaget.
Medan skipet ligg til kai rett framfor hovedkontoret til Sævik-selskapet, blir det mellom anna omvisning for lokal presse.
Ønske om ny anløpsstad
Tidlegare torsdag blei det kjent at skipet er mellom dei nominerte til Nor-Shipping-prisen «Next Generation Ship Award». Bakgrunnen er at skipet skal segler på en kombinasjon batteri og naturgass slik at CO2-utsleppa blir redusert med 25 prosent.
Sjølv om kystruteskipet legg til på Mjølstadneset måndag morgon, er den vanlege stoppestaden for seglasene framleis i Torvik.
Det er likevel ingen hemmelegheit at Havila-eigar Per Sævik gjerne ønsker å skifte stoppestad til Mjølstadneset i framtida.
Konkurranse for Hurtigruten
Havila Kystruten skal i alt få fire skip på strekninga, men dei to første har vore kraftig forseinka.
Hurtigruten skal trafikkerer kystrutestrekninga med sju skip, og får for første gong konkurranse på strekninga.
Avtalane er inngått for perioden 2021–2030 med opsjon om å forlenge avtalen med eitt år. Den totale kontraktsummen er på til saman 788 millionar kroner i året.
Publisert: 09.12.2021 15:28
Sist oppdatert: 09.12.2021 15:43