Kystruten tek over naer 400 tilsette
FLEIRE TILSETTE: HR-direktør Monica Nipen i Havila Kystruten får ansvaret for nær 400 tilsette frå Hurtigruten. Reiarlaget treng også fleire folk på skipa og vil lyse ut stillingar kring sommarstid.  
Nytt

Kystruten tek over nær 400 tilsette

Alle tilsette i Hurtigruten ville gå over til nytt reiarlag. HR-direktøren i Havila Kystruten påpeiker at dei treng fleire – og spesielt ei yrkesgruppe er ettertrakta.

Marius Rosbach
24.02.2020
Alle dei 386 tilsette til Hurtigruten som skal halde fram i arbeidslivet, har takka ja til å bli med over til konkurrenten Havila Kystruten frå årsskiftet.
Det Herøy-baserte reiarlaget er i ferd med å bemanne opp organisasjonen, og overføringa av tilsette frå Hurtigruten er eit ledd i dette arbeidet.
– Vi treng også fleire tilsette på sjøen enn dei som kjem frå Hurtigruten. Vi held på å bygge ein organisasjon på land, og den vil vekse sakte, men sikkert ut frå kva oppgåver som skal løysast, fortel HR-direktør Monica Nipen til NETT NO.
Havila Kystruten tek frå 1. januar 2021 over fire av seglasane til Hurtigruten på strekninga Bergen-Kirkenes.

Ventar på løysing for reserveskip

Dei 386 Hurtigrute-tilsette som skal over til Havila, er del av avtalen med Samferdselsdepartementet om ei verksemdsoverdraging, der dei tilsette skal få tilbod om arbeid hos Havila Kystruten.
Nipen seier at dei har eit anslag på kor mange dei treng, men at ein del også er usikkert fram til dei har ei løysing for erstatningsskip klart.
Havila Kystruten må sette inn reserveskip på to av seglasane, fordi to skip under bygging i Spania, ikkje blir fullført. Nyleg avgjorde reiarlaget at dei i staden .

Les også:



Vanskeleg å skaffe nok kokkar

Reiarlaget har allereie fleire stillingar som er lyst ut i administrasjonen på land. Kring sommarstid vil dei gå breiare ut og lyse ut fleire stillingar til sjøs.
Nipen ser allereie no at søkjarar med éin type utdanning vil vere ettertrakta.
– Vi ser no at vi får utfordringar med å skaffe nok kokkar. Det er ei utfordring vi delar med resten av bransjen, legg ho til.
NAV Møre og Romsdal har peika på behovet for arbeidskraft hos den nye reiselivsaktøren, som ein av fire viktige faktorar som vil påverke arbeidsmarknaden i fylket framover. Vegbygging i regi av Nye Veier, nytt sjukehus på Hjelset og planane om eit landbasert anlegg for oppdrett på Indre Harøy, er anna verksemd som vil trenge mange nye tilsette.

Les også:



– Velvilje og innsatsvilje

Nipen seier det er svært gledeleg at så mange frå Hurtigruten ville bli med over til Havila. Mellom dei 386 tilsette, er det også 25 lærlingar. Nokre av dei tilsette på Hurtigruten-skipa, har også valt å pensjonere seg.
– Eg har møtt berre velvilje og innsatsvilje. Mange har også sagt i frå om at dersom det er behov for dei før nyttårsskiftet 2020/2021, så kjem dei gjerne før, uttalar Nipen i ei pressemelding reiarlaget måndag sendte ut om overgangen.

Les også:




Vi held på å bygge ein organisasjon på land, og den vil vekse sakte, men sikkert ut frå kva oppgåver som skal løysast

Publisert: 24.02.2020 11:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53