Stad skipstunnel montasje per sævik illustrasjon foto Kystverket Snøhetta Plomp Kjetil 11
Kystruten-eigar Per Sævik trur ikkje samferdselsprosjektet Stad skipstunnel blir skrinlagt når statsbudsjettet kjem om få veker. Illustrasjon/foto: Kystverket-Snøhetta-Plomp/Kjetil Haanes
Nytt

Meiner tunnelstans vil vere «ein politisk skandale»

Per Sævik meiner marknadsverdien knapt kan settast høgt nok.

Marius Rosbach
14.09.2022

(NPK-NETT.NO): Dei siste vekene er det oppstått ny diskusjon kring Stad skipstunnel som Stortinget vedtok å bygge i fjor.

Bakgrunnen er at regjeringa har signalisert mindre satsing på samferdsel og stans i fleire prosjekt foran framlegginga av neste års statsbudsjett. Den siste veka har forkjemparane mellom anna mobilisert til konferanse om skipstunnelen om bord på Havila Kystruten-skipet Havila Capella.

Trur ikkje trunnelen blir skrinlagt
Kystruten-eigar Per Sævik har i ei årrekke vore mellom dei som har ivra for bygging av det som blir verdas første tunnel for større skip. Han trur ikkje samferdselsprosjektet blir skrinlagt

– Det vil i så fall vere ein politisk skandale, seier Sævik til NRK.

Herøyværingen eig også fleire hotell i regionen, i tillegg til reiarlaga Fjord1 og Havila Shipping.

Marknadsmessig kan ein nesten ikkje verdsetje Stad skipstunnel høgt nok
Per Sævik

Bilde- og lysshow
I tunnelen ser forkjemparane føre seg musikk av Grieg, veggmåleri og spektakulært bilde- og lysshow. Saman med nye hotell og opplevingssenter skal Vestkapp dermed bli eit attraktivt turistmål.

Sævik trur Stad skipstunnel kan trekke til seg turistar og medverke til at Vestkapp blir Vestlandets Nordkapp.

– Skipstunnelen, Selja Kloster og Stadtplatået kan bli Vestlandets Nordkapp. Marknadsmessig kan ein nesten ikkje verdsetje Stad skipstunnel høgt nok, seier han.

Vil bruke skipstunnelen som katalysator
Sævik får støtte av Kristian Jørgensen i Fjordtours som vil bruke skipstunnelen som katalysator for å få området rundt Stad til å bli det nye store reisemålet i Noreg.

– Kvifor kan ikkje Vestkapp få ein minst like sterk posisjon som Nordkapp, spør han.

Stortinget vedtok å bygge skipstunnelen i fjor, og prosjektet fekk 75 millionar i oppstartsmidlar. Men i haust har fleire teke til orde for at prosjektet må vere eitt av samferdselsprosjekta som blir kutte i statsbudsjettet for å reduserer oljepengebruken.

– Rein symbolpolitikk, sa stortingspolitikar og tidlegare Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V) til NPK tidlegare i haust. Han meiner prosjektet er kome for langt til å bli skrinlagt.

Publisert: 14.09.2022 10:56

Sist oppdatert: 14.09.2022 11:20

Mer om