Langøy satsar på ny kraftutfordrar
Er ein av investorane bak straumutfordraren Elekt som har som mål å revolusjonere kraftmarknaden.
– Straumbransjen har i dag årlege inntekter på 4 milliardar kroner for å selge straum. Det er heilt absurd. Det seier seg sjølv at dei har tent gode penger av å gjere straumproduktet vanskeleg å forstå. Dette stoppar no.
Det seier dagleg leiar Arnt Inge Sæteren i Trondheim-baserte Elekt, i ei pressemelding.
Selskapet set no kraftig ned prisen, og opplyser at det ikkje er for å utfordre dagens straumbransje, men for å fjerne bransjen slik bransjen er kjend i dag.
- Tida for tene pengar på straum er over, seier Sæteren.
Ingen forteneste på straumsalet
Han meiner at den neste generasjonen kraftselskap hjelper kundane til å bruke straum når straumen er billegast.
Selskapet reklamerer no med eit pristilbod på spotpris, pluss 1 øre.
- Det betyr at kunden betalar det same som vi gjer for å kjøpe inn straumen, pluss eitt øre som dekker dei variable kostnadene med sjølve straumleveransen. På den måten har vi ingen forteneste på straumsal, og sånn skal det vere, seier Sæteren.
Derimot skal selskapet tene pengar på tilleggsfunksjonen Elekt+, som kostar ni kroner i månaden.
Sæteren meiner at selskapet er eit mareritt for den tradisjonelle straumbransjen, og han meiner at dagens straumselskap er vekke om fem år.
Haugan, Koteng og Langøy
Selskapet har som mål å nå ein halv million kundar innan 2026.
– Vi har med oss sterke investorar, teknologi-ekspertar og eit kompetent styre, seier Sætren.
Bak Elekt står tidlegere Trønderenergi-topp Arnt Inge Sætern, saman med partnarane Tom Reinert Johansen og Kim Bjerkevoll.
På eigarsida er mellom anna FosenKraft Energi, Ren Røros, tidlegare Sparebank 1 SMN-sjef Finn Haugan, eigedomsmilliardær og Rosenborg-styreleiar Ivar Koteng og eks-Aker-topp Leif Arne Langøy.
Ifølgje Poff.no eig Langøy 5,79 prosent av Elekt gjennom investeringsselskapet Lapas.
Tida for tene pengar på straum er over
- Staten bør betale
I ei anna pressemelding meiner fornybar-interesseorganisasjonen Energi Norge at staten bør betale ein vesentleg del av overskotet på dei høge straumprisane tilbake til forbrukarane.
Ifølgje organisasjonen blir staten venta å tene rundt 11 milliardar meir enn normalt på dei ekstraordinært høge straumprisane i år. Dette i form av skatt, avgift og utbytte frå kraftselskapa.
Prishopp på 12.000 kroner
Kommunar med kraftinntekter kan rekne med fire milliardar meir enn normalt, eller ni milliardar meir enn i 2020, viser utrekningar.
– Mange menneske opplever dei høge straumprisane som svært krevjande. Vi meiner det er heilt nødvendig at staten no bidreg med ei kontantoverføring til forbrukarane, ved sida av auka bustøtte og nedtrapping av elavgifta, seier administrerande direktør Knut Kroepelien i Energi Norge i ei pressemelding.
Ifølgje Energi Norges utrekningar vil eit hushald i Noreg med gjennomsnittleg forbruk på 16.000 kilowattimar årleg, betale rundt 12.000 kroner meir for straumen i år målt mot det rekordbillige året 2020, og 6.000 kroner meir enn i eit normalår.
Publisert: 06.12.2021 12:39
Sist oppdatert: 06.12.2021 13:37