Kart kraftprisar 29 november 2020 11
REKORDHØG SPOTPRIS: Det har aldri vore så høge spotprisar som dette kartet viser måndag morgon. Skjermdump: Statnett
Nytt

No er prisen på straum rekordhøg

Og prisane går ikkje ned før temperaturen stiger - Frp vil reforhandle avtalar.

29.11.2021

(NPK-NTB-NETT.NO): Tidleg måndag steig straumprisen til nye rekordnivå og låg ved 9.30-tida på 320,09 kroner.

Tidlegare har Nordvestlandet og Nord-Norge hatt lågare prisar enn Sør- og Austlandet, men fredag før helga vart situasjonen for første gong snudd på hovudet. Måndag ved 9.30-tida prisen kring 20 øre kWh høgare i Midt-Norge, enn i regionane mot sør og aust.

Trur det vil vare heile vinteren
Folk må førebu seg på at dei høge straumprisane vil vare heile vinteren, meiner kraftanalytikar Tor Lilleholt.

– Prisen til sluttbrukar, då avgifter, moms og alt dette er teke med, kjem i gjennomsnitt til å liggje over to kroner kilowattimen vinteren igjennom. Vi kjem òg til å få veker då prisane vil liggje langt over og under dette, seier kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt til NTB.

Låge temperaturar, høgt forbruk og nær full utnytting av produksjonskapasiteten ved kraftstasjonane bidreg til situasjonen som pressar straumprisane stadig høgare. Vi produserer ikkje nok straum til både å dekkje forbruk og full eksport. Og for å redusere eksporten, må prisane opp på same nivå som i Europa,

– Det som kan hjelpe, er meir vind i Europa og dermed auka vindkraftproduksjon. Høgare vindkraftproduksjon kan hjelpe betydeleg, men ofte når det er kaldt, er det høgtrykk og lite vind, seier han.

Ekstremsituasjon
I Sør-Noreg har straumen aldri vore dyrare enn no. Den eksisterande rekorden frå søndag – på 1,87 kroner kilowattimen – blir smadra i løpet av måndagen.

Då vil den gjennomsnittlege straumprisen gjennom døgnet vere 2,56 kroner kilowattimen, skriv E24. Dette er utan nettleige, avgifter og påslag frå straumselskapet.

Straumen blir aller dyrast mellom klokka 17 og 18, på over 4 kroner kilowattimen.

Lilleholt karakteriserer situasjonen som ekstrem, og peikar på at vi godt kan komme opp i nye ekstremsituasjonar i løpet av vinteren. Så lenge temperaturane held seg på dagens nivå, kjem ikkje straumprisen til å falle. Men fell temperaturane ytterlegare, vil straumprisane gjere det motsette, poengterer han.

– Blir det kaldare, kan vi sjå nye prisrekordar i januar og februar, seier han.

Europa rustar seg
Også i Europa ser ein faren for framleis aukande og varig høge straumprisar etter kvart som kulda set inn. Det kan provosere fram proteksjonistiske grep i kraftmarknaden, og dessutan føre til at forbrukarar ikkje berre blir bedne om å spare på straumen, men også om å rusta seg for planlagde straumavbrot som eit siste verkemiddel mot høgt forbruk, ifølgje Bloomberg.

Det europeiske solidaritetsprinsippet – som skal forhindre EU-land i å strupe krafteksporten på bekostning av andre land – kan få den første skikkelege utfordringa denne vinteren.

– Blir det kaldt i Europa, har ein inga enkel løysing på tilbodssida, det kjem til å bli behov for ei løysing på etterspurnadssida, seier partnar Adam Lewis i meklarhuset Hartree Partners.

Vil reforhandle avtalar
Noreg har hittil i år netto eksportert 15,5 TWh. Det svarer til årsforbruket til rundt 800.000 norske husstandar. Frp-nestleiar Ketil Solvik-Olsen krev no at kontraktane som gjer at norsk straum automatisk går til kontinentet så lenge prisen er høgast der, blir reforhandla.

– Kraftsystemet vårt er ikkje laga for at tyskarar skal fyre opp landet sitt på vindkraft og stole på at Noreg reddar dei når det ikkje blæs, seier Ketil Solvik-Olsen til NRK.

Olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) seier at Noreg er nøydd til å følgje opp pliktene sine, og meiner dei i stor grad har tent landet godt.

– Vi får kraft frå Europa. Når det til dømes blæs mykje, så produserer dei mykje vindkraft. Så alt i alt så meiner eg dette har gått rimeleg bra, seier ho.

(©NPK)

Publisert: 29.11.2021 08:10

Sist oppdatert: 29.11.2021 11:13

Mer om