- Vi ligg litt på veret på grunn av oljeprisutviklinga, seier Kvamme.
Han hadde lokale i Stavanger sentrum på handa, men rett før jul vart opning av eigen butikk i oljehovudstaden utsett på ubestemt tid.
- Vi tok beslutninga før vi tok juleferie, seier Kvamme.
Det er ikkje snakk om noko avlysing, Kvamme vil berre vente å sjå.
Skulle han opne butikk no kan han risikere å binde seg opp til ei langvarig og høgt prisa leigeavtale. Difor legg han opninga på is.
- Då tok eg det meir alvorleg. Dette tek eg ikkje så alvorleg på dette tidspunktet, seier han.
Kvamme understrekar at planane om å utvide talet på butikkar ligg fast.
- Vi skal opne tre-fire Riccovero-butikkar dei neste tre-fire åra, seier han.
I dag eig selskapet sju eigne butikkar, og tre utsal for fjorårsmodellar i tillegg. Dessutan leverer bedrifta til om lag 100 butikkar som sel herrekle, og til like mange som sel damekle.
- Eg har sagt i etterkant av finanskrisa at vi kom styrka ut. Den gjorde Riccovero til ei sterkare bedrift, seier Kvamme.
Organisasjonen skjerpa seg i alle ledd, og etterkvart som finanskrisa slapp taket sto Riccovero fram som eit meir lønsamt selskap enn før.
Storparten av produksjonen skjer i Europa; i Slovakia, Portugal og Italia. Det heng saman med at stoffa som blir brukt bli laga i Europa, med kvaliteten på arbeidet og med nærleiken til marknaden i Noreg. Varer som blir sendt på Slovakia på ein fredag kan vere ute i butikkane onsdagen etter.
Oljeprisfallet har medverka til at den norske krona har svekt seg i verdi mot utanlandsk valuta, og det gjer at ein klesimportør som Riccovero blir negativt berørt. Kvamme anslår at han vil måtte auke prisen med fem prosent ut til butikkane for å kompensere for valutakursendringa fullt ut.
Om han aukar prisane fullt ut er ei anna sak. Det er ei endring som først kan gjerast til hausten, og som kan bli lågare dersom bedrifta mellom anna greier å redusere andre kostnadar i drifta. Sidan også konkurrentane er importørar er valutakursendring dessutan ikkje konkurransevridande i klesbransjen, seier han.
Han hadde lokale i Stavanger sentrum på handa, men rett før jul vart opning av eigen butikk i oljehovudstaden utsett på ubestemt tid.
- Vi tok beslutninga før vi tok juleferie, seier Kvamme.
Det er ikkje snakk om noko avlysing, Kvamme vil berre vente å sjå.
Meir enn halvert
Oljeprisen er meir enn halvert sidan sommaren 2014, og ligg no like ved 50 dollar fatet. Det store fallet gjer Kvamme usikker både på korleis marknaden vil utvikle seg og på kva veg leigeprisen for butikklokale i Stavanger vil gå.Skulle han opne butikk no kan han risikere å binde seg opp til ei langvarig og høgt prisa leigeavtale. Difor legg han opninga på is.
Held på vekstplanar
Finanskrisa i 2008/2009 var langt verre enn nedturen på grunn av oljeprisfallet no ser ut til å bli, meiner Kvamme.- Då tok eg det meir alvorleg. Dette tek eg ikkje så alvorleg på dette tidspunktet, seier han.
Kvamme understrekar at planane om å utvide talet på butikkar ligg fast.
- Vi skal opne tre-fire Riccovero-butikkar dei neste tre-fire åra, seier han.
I dag eig selskapet sju eigne butikkar, og tre utsal for fjorårsmodellar i tillegg. Dessutan leverer bedrifta til om lag 100 butikkar som sel herrekle, og til like mange som sel damekle.
Sterkare av krisa
Nedturen under finanskrisa var tøff, men vart alt i alt ein fordel for Riccovero.- Eg har sagt i etterkant av finanskrisa at vi kom styrka ut. Den gjorde Riccovero til ei sterkare bedrift, seier Kvamme.
Organisasjonen skjerpa seg i alle ledd, og etterkvart som finanskrisa slapp taket sto Riccovero fram som eit meir lønsamt selskap enn før.
Aukar prisane
Bortsett frå tre tilsette som syr prototypar og visningsmodellar i systova i kjellaren i Riccoverobygget i Olden lagar Riccovero alle sine plagg og sko hos underleverandørar i utlandet.Storparten av produksjonen skjer i Europa; i Slovakia, Portugal og Italia. Det heng saman med at stoffa som blir brukt bli laga i Europa, med kvaliteten på arbeidet og med nærleiken til marknaden i Noreg. Varer som blir sendt på Slovakia på ein fredag kan vere ute i butikkane onsdagen etter.
Oljeprisfallet har medverka til at den norske krona har svekt seg i verdi mot utanlandsk valuta, og det gjer at ein klesimportør som Riccovero blir negativt berørt. Kvamme anslår at han vil måtte auke prisen med fem prosent ut til butikkane for å kompensere for valutakursendringa fullt ut.
Om han aukar prisane fullt ut er ei anna sak. Det er ei endring som først kan gjerast til hausten, og som kan bli lågare dersom bedrifta mellom anna greier å redusere andre kostnadar i drifta. Sidan også konkurrentane er importørar er valutakursendring dessutan ikkje konkurransevridande i klesbransjen, seier han.
Eg har sagt i etterkant av finanskrisa at vi kom styrka ut
Publisert: 09.01.2015 06:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40