
Manglar vekst i sysselsettinga
Det har ikkje blitt fleire jobbar i oppdrettsbransjen i Møre og Romsdal sidan 2022. Menon Economics har forslag til ny vekst.
Utstyrsleverandørane til oppdrettsnæringa kan doble inntektene i løpet av ti år, dersom det er politisk vilje til tiltak for å få fart på veksten.
Det er Menon Economics si vurdering, som vart presentert på Gath-konferansen onsdag.
Dette er dei to viktigaste tiltaka Menon Economics foreslår for å få opp oppdrettsproduksjonen og dermed auke ringverknadane for utstyr- og tenesteleverandørane:
- La oppdrettarane få auke produksjonen sin dersom dei går over frå opne anlegg til lukka eller delvis lukka anlegg i sjø.
- Opne opp for stor utbygging for oppdrett til havs.
Å gå over til lukka anlegg i bytte mot å få auke produksjonen er eit framlegg blant andre oppdrettar og fiskeindustri-eigar Roger Hofseth ønsker seg.
Betre økonomi, betre miljø
Det er to argument for vekst i oppdrettsnæringa, ifølgje forskingsleiar og partnar Leo Grünfeld i Menon Economics for økonomi og miljø.
– Argumentet er at vi kan auke verdiskapinga, og dette er ein vekstrategi som har langt større ringverknadeffektar enn dagens oppdrett, seier Grünfeld til Nett No.
Ringverknadande er større fordi lukka anlegg i sjø og oppdrett til havs, er meir kapitalkrevjande og treng større anlegg og strukturar.
Lukka sjøanlegg og anlegg til havs vil også har ein positiv miljøeffekt, som kan dempe problem med lakselus, rømming og andre utslepp.
Litt færre sysselsette
Møre og Romsdal hadde til saman 5750 sysselsette i oppdrettselskapa og i utstyr- og tenesteleverandørane, ifølgje rapporten Menon Economics la fram på Gath-konferansen 2022.
I den nye rapporten Menon Economics la fram onsdag er talet på sysselsette færre, 5570 sysselsette.
Fordelinga er omlag som for to år sidan. Om lag 2000 personar arbeider i teneste- og utstyrsleverandørane, og resten i oppdrettselskapa.
Utviklinga reflekterer liten vekst i oppdrettsproduksjonen kombinert med rasjonalisering i næringa, og redusert investeringsnivå etter at grunnrenteskatten i oppdrett blei varsla, ifølgje Gründfeld.
Menon Economics sine analyser viser at at grunnrenteskatten har gått mest ut over utstyrsleverandørane, som har fått mindre å gjere fordi oppdrettselskap sette investeringar på vent.
Publisert: 04.09.2024 11:16
Sist oppdatert: 04.09.2024 11:59