- Det kjem for sal, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Rolls-Royce Marine.
Bygget vart bygd som hovudkontor for Ulsteinkonsernet i 1980 og overteke av Rolls-Royce då Ulsteinkonsernet blei kjøpt. No er Rolls-Royce på veg ut frå bygget som på folkemunne har namnet "Gullblokka".
- Vi ser på jakt etter nye kontorlokale på Hareidlandet som vi kan leige, seier Wollebæk.
I dag Rolls-Royce varsla at fabrikken i Hjørungavåg skal leggast ned og dei 200 tilsette flyttast til andre Rolls-Royce verksemder.
Om lag ein tredjepart av dei tilsette i Hjørungavåg arbeider på kontor, og desse skal flytte saman med dei som dag arbeider i kontorbygget i Ulsteinvik.
Wollebæk anslår at det er behov for omlag 150 kontorarbeidsplassar i det nye bygget Rolls-Royce vil leige på Hareidlandet.
Utanom dei som arbeider i administrasjonen og blir verande på Hareidlandet skal resten av dei tilsette flyttast til andre fabrikkar Rolls-Royce har på Sunnmøre, i følgje Wollebæk.
Rolls-Royce har fabrikkar i Brattvåg, Longva, Ulstein og Hjørungavåg. I Bergensomrdået har konsernet fabrikkar ved Nord-Hordlandsbrua, Godvik og i Os. Fabrikken i Os har Rolls-Royce tidlegare avgjort skal leggast ned, og deler av produksjonen der blir flytta til Brattvåg.
Produksjonen blir flytta til andre fabrikkar på Sunnmøre, og i tillegg vurdere Rolls-Royce også å produsere ved sin fabrikk i Vietnam og hos underleverandørar, i følgje Wollebæk.
Det kan bli aktuelt med nedbemanningar hos dei som i dag arbeider i Hjørungavåg. Wollebæk reknar med at det vil selskapet vil vere klar med meir informasjon i slutten av september.
Bygget vart bygd som hovudkontor for Ulsteinkonsernet i 1980 og overteke av Rolls-Royce då Ulsteinkonsernet blei kjøpt. No er Rolls-Royce på veg ut frå bygget som på folkemunne har namnet "Gullblokka".
- Vi ser på jakt etter nye kontorlokale på Hareidlandet som vi kan leige, seier Wollebæk.
Flyttar saman
Wollebæk seier Rolls-Royce heller vil leige enn å eige. I tillegg treng bygget i Ulsteinvik å pussast opp, og det er lite sannsynleg at Rolls-Royce flyttar ut mellombels for å flytte attende som leigetakar etter oppussinga.I dag Rolls-Royce varsla at fabrikken i Hjørungavåg skal leggast ned og dei 200 tilsette flyttast til andre Rolls-Royce verksemder.
Om lag ein tredjepart av dei tilsette i Hjørungavåg arbeider på kontor, og desse skal flytte saman med dei som dag arbeider i kontorbygget i Ulsteinvik.
Wollebæk anslår at det er behov for omlag 150 kontorarbeidsplassar i det nye bygget Rolls-Royce vil leige på Hareidlandet.
Til Sunnmøre...
Dei 200 tilsette i seismikk- og subseautstyrsprodusenten i Hjørungavåg er om lag likleg fordelt i tre grupper, kontorpersonale, produksjonsarbeidarar og reisemontørar og andre som arbeider i ettermarknaden.Utanom dei som arbeider i administrasjonen og blir verande på Hareidlandet skal resten av dei tilsette flyttast til andre fabrikkar Rolls-Royce har på Sunnmøre, i følgje Wollebæk.
Rolls-Royce har fabrikkar i Brattvåg, Longva, Ulstein og Hjørungavåg. I Bergensomrdået har konsernet fabrikkar ved Nord-Hordlandsbrua, Godvik og i Os. Fabrikken i Os har Rolls-Royce tidlegare avgjort skal leggast ned, og deler av produksjonen der blir flytta til Brattvåg.
...og Vietnam
Trass i nedlegging i Hjørungavåg skal Rolls-Royce Marine framleis satse på seismikk- og subseamarknaden.Produksjonen blir flytta til andre fabrikkar på Sunnmøre, og i tillegg vurdere Rolls-Royce også å produsere ved sin fabrikk i Vietnam og hos underleverandørar, i følgje Wollebæk.
Det kan bli aktuelt med nedbemanningar hos dei som i dag arbeider i Hjørungavåg. Wollebæk reknar med at det vil selskapet vil vere klar med meir informasjon i slutten av september.
Publisert: 19.08.2015 14:10
Sist oppdatert: 03.03.2021 18:05