Erik Paulsen byrja i Converto i fjor, og no overtek han som toppsjef. Han er utdanna ved Norges Handelshøyskole og har tidlegare arbeidd i Cardo Partners og Arkwright.
«Med Erik i lederrollen er Converto godt rigget for videre vekst. Jan Petter har vært en viktig bidragsyter i å bygge Converto til et ledende rådgivningsmiljø på Nord-Vestlandet. Vi ønsker ham lykke til i nye oppgaver», seier styreleiar Frank Ove Reite i Converto i ei pressemelding.
Sjef sidan 2017
Jan Petter Hagen har vore sjef for rådgiving- og forvaltningselskapet sidan 2017. Han kom frå ei leiarstilling i Rolls-Royce Marine. Frå 1. mai skal han vere sjef for Lapas, som er investeringsselskapet til Leif Arne Langøy og familien.
Lapas hadde bokførte verdiar på 703 millionar kroner i 2024 (sist tilgjengleg rekneskap) og eit resultat før skatt på 83 millionar kroner. Lapas har investert i ei rekkje selskap på Nordvestlandet og var mellom anna stor aksjonær i servicebåtreiarlaget FSV Group i Molde. Dei er medeigarar i Recuro, Effee og Varda Care.
Slo seg saman
I 2020 slo Converto seg saman med eit anna rådgivingselskap i Ålesund, MRB, til eit selskap med 17 tilsette og 28 millionar kroner i driftsinntekt.
I 2024 var inntektene 51 millionar kroner og i dag er det 14 tilsette i selskapet , ifølgje nettsida til selskapet.
Converto har mellom anna hatt forvaltingsoppdrag knytt til Aker-konsernet sitt eigarskap i ei rekkje selskap som er definert å ligge utanfor Aker sin kjerneverksemd.
Gjennom selskapet Novela er Converto Forvaltning mellom die større aksjonærane i industri og ingeniørselskapet Kvenna og geværskjefteprodusent GRS Riflestock.
Publisert: 02.03.2026 12:56
Sist oppdatert: 02.03.2026 14:31






