Maja Langlo Andersen Ina eldøy montasje dg
NY SJEF: Maja Langlo Andersen (t.v.) skal drive Strand Hotel etter Ina Eldøy. Foto: Privat/Stranda Hotel
Nytt

Leiarskifte på Stranda Hotel

Flytta heim for å studere under pandemien. No er ho hotellsjef i heimbygda.

17.01.2023

Maja Langlo Andersen overtek etter Ina Eldøy som hotelldirektør ved Stranda Hotel.

Før koronapandemien hadde Langlo Andersen ein reiselivsjobb i Austerrike på hand etter studiet i Tyskland.

Etter koronapandemien kom måtte ho heim til Stranda og fullføre studia på nett. Deretter blei det jobb på Stranda Hotel i staden for Austerrike. Ho starta som sal- og marknadsansvarleg, og frå 1. januar i år vart ho sjef for heile hotellet.

Kortvarig oppdrag

- Etter tre spennende og krevende år på Stranda Hotel As er jeg stolt over å kunne gi stafettpinnen over til Maja Langlo Andersen, skriv Ina Eldøy på sin Linkedin-profil.

Eldøy blei leigd i slutten av 2019 inn for drive Stranda Hotel i ein seks-månadersperiode - men også den planen vart kasta omkull då koronapandemien kom.

Ina Eldøy eigd og driv sitt eige konsulentselskap, Larsdotter, og er styremedlem i Bagid.

Kraftig råka av pandemien
Koronapandemien gjekk kraftig ut over omsetninga til Stranda Hotel.

Hotellselskapet hadde 28 millionar kroner i driftsinntekter i 2019. I 2021 enda driftsinntektene på 13,8 millionar kroner og resultat før skatt blei tre millionar kroner i minus for hotellet.

Eigarane gjorde óg gjeld om til eigenkapital etter 2021.

Langlo Andersen som oppgir ikkje tal, seier driftsinntektene auka i 2022 samanlikna med 2021.

Publisert: 17.01.2023 09:00

Sist oppdatert: 17.01.2023 13:07

Mer om