Glen bradley rostein indre harøy11
FALL PÅ BØRSEN: Glen Bradley ved byggestart for det landbaserte anlegget til Salmon Evolution ved Indre Harøy. Oppdrettsselskapet der Bradley er styremedlem og deleigar var mellom seskapa som fall på børsen etter nyheita om lakseskatten blei kjent. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Vel ei kortsiktig løysing

Samanliknar auka skattetrykk på laksenæringa, som om Norge skulle utstyrt Karsten Warholm med ryggsekk og vekter på føtene.

Marius Rosbach
28.09.2022

Glen Bradly leier brønnbåtreiarlaget Rostein og har styreverv og eigarinteresser i ei rekke selskap innan havbruksnæringa. Han var også mellom dei som var med å starte opp GATH-nettverket - ei samling bedrifter i bransjen.

Han meiner skatteforslaget regjeringa no har lagt på bordet vil hemme veksten i næringa og som følgje av det - retninga for landet dei neste åra.

– Her meiner eg staten som medspelar vel ei kortsiktig løysing for å hente kapital, i staden for å la desse selskapa auke verdiskapinga og skattegrunnlaget i framtida, seier Bradley til NETT NO.

Om forslaget hadde hatt form av eit eittårig grep i ein spesielt vanskeleg «unntakstilstand», ville det ha vore meir forståing i næringslivet til å bidra, trur han.

Blir skvisa frå to sider
Bradley samanliknar det samla skattetrykket laksenæringa får i form av auka formueskatt for eigarane – og no grunnrenteskatt for selskapa – blir som å utstyre Karsten Warholm med ein ryggsekk fylt med stein og nokre kilo mjølkekartongar på beina.

– Det er vi faktisk i ferd med å gjere, med den gullvinnaren som norsk laksebransje er i internasjonal samanheng. Eg meiner det er grunn til å vere bekymra, legg han til.

Det er i dårlege tider du skal satse. Og der er vi no
Glen Bradley

Fleire har åtvara mot konsekvensane av auka skattar på bedriftsiegarar. Bradley meiner laksebransjen no blir skvisa frå to sider, og at spesielt formueskatten vil vere problematisk.

– Norge er eit rikt land og burde bruke posisjonen vår i desse globalt vanskelege tider til å la næringa vekse. Det er i dårlege tider du skal satse. Og der er vi no, påpeikar han.

– Vi sitt att i distrikta med midre handlingskraft
Regjeringa sitt eige mål om å auke produksjonen i havbruksnæringa – der ein allereie ligg bakpå - vil bli meir vanskeleg å oppnå med det nye skatteforslaget.

På eit overordna plan påpeikar Bradley at det skjer ei historisk overflytting av kapital frå næringslivet til staten – og frå distrikta til meir sentrale strøk. Det siste uroar han spesielt. Han meiner investorane og private eigarar i distrikta opplever ei større usikkerheit kring det å drive og eige verksemd.

– Vi sitt att i distrikta med mindre handlingskraft til å gjennomføre investeringar, mellom anna for å få veksten regjeringa ønsker i ulike næringer, seier han.

Meiner grunnrenteskatt er feil
Som argument for kvifor laksenæringa ikkje bør ha ein slik grunnrenteskatt – som til eksempel oljebransjen har, peiker han på at laksemerdene og anlegga ikkje er stadsbundne.

– Det var ingen laks i desse områda, før næringa sjølv investerte i infrastruktur og kvart einaste år køyrer ut laksen i merdene – og til slutt hentar laksen tilbake på land, påpeiker han.

– Vi har ei globalt leiande lakseæring, og vi bude vere forsiktige med å behandle den særskilt. Bekymringa mi er igjen at vi ikkje er smarte no i ei utfordrande tid, legg han til.

Investorar vil «jakte andre alternativ»
Bradley spår at konsekvensane av det auke skattetrykket blir at Norge sin andel av den globale lakseproduksjonen vil peike vidare ned.

Han trur også interessa for å investere i havbruk vil bli mindre – og at meir kapital vil søke ut av landet.

– Det som er likt for alle vekstnæringar, er at potensialet blir lamma når ein frå politisk hald sender signal til dei som tek risikoen ved å investere og jobbe for å skape verdiar, om at staten kjem og tek meir av avkastninga enn du er klar over i dag.

– Då kan ein som investor sitte att med inntrykket av ein større nedside, og mindre oppside – og jakte andre alternativ for plassering av kapital, seier Bradley.

Publisert: 28.09.2022 11:29

Sist oppdatert: 11.11.2022 09:59

Mer om