Entec Brimer har sikra ei kontrakt med selskapet Soul of Japan, som er ein del av den internasjonale storsatsinga til Pure Salmon-konsernet. Det gjekk fram av ei pressemelding frå selskapet fredag.
Sunnmøringene skal levere og installere store oppdrettskar – og avtalen er den første internasjonale avtalen selskapet sikrar seg på landbasert oppdrett.
- Vi har hatt ekstra fokus på moglegheitene internasjonalt for tida, og då er det ekstra kjekt av vi lukkast, seier konsernsjef Havaard Haanes i Entec til NETT NO.
Fleire satsar internasjonalt
Som dei fleste leverandørane i havbruk, har dei hatt lite ordrar frå den norske delen av næringa sidan forslaget om lakseskatt blei lagt fram i fjor haust.
Samtidig merkar dei at det er fleire aktørar som no satsar andre plassar i verda.
- Vi ser at det dukkar opp fleire prosjekt med anlegg nær forbrukarar i ulike delar av verda, ikkje minst Asia og Nord-Amerika, seier Haanes.
Blir laga på Kvamsøya
- Vi lever av prosjekt uansett kor dei er i verda. Dette er med å skape aktivitet og sikre produksjonen, legg Haanes til.
Oppdrettskara skal bli laga på Kvamsøya i Sande og deretter fraktast til Japan.
- Her har den svake krona vore med å styrke vår posisjon, og gjort det mogleg å produsere her ute, seier han.
Skal bygge globalt nettverk med anlegg
Verdien på kontrakten blir ikkje opplyst, men konsernsjefen seier det er ein stor ordre i oppdrettsamanheng for Entec-selskapet.
Det mest spennande er nok likevel moglegheitene som kan ligge i kjølvatnet av den.
Pure Salmon er eigd av det Singapore-baserte investeringsfondet 8F Asset Management, som har planar om eit globalt nettverk av landbaserte RAS-anlegg.
- Det er enorme planar om å bringe laks til verda. Det er ikkje sjølvsagt at vi får vere med på dei vidare planane, men det er veldig viktig for oss å vere med frå dag ein når toget no går, seier Haanes.
Ifølgje det selskapet tidlegare har opplyst skal kvart av anlegga ha ein årleg produksjon på mellom 10.- og 20.000 tonn laks, ulike plassar i Asia, Nord-Amerika og Europa.
Publisert: 09.06.2023 12:54
Sist oppdatert: 09.06.2023 13:53