Droppar investeringar for milliardar på Sunnmøre
Leverandørar og lokale bedrifter går glipp av store inntekter etter at Mowi mellom anna skrinlegg Rovde-anlegg.
Fredag blei det kjent at Mowi droppar investeringar for fem milliardar kroner. Planane om å utvide sju anlegg for postsmolt langs kysten blir no lagt i skuffen.
Same dag deltok produksjonssjef John Ivar Sætre på eit møte med mellom anna Frp-leiar Sylvi Listhaug i Ørsta. Der kunne han fortelje at avgjerda mellom anna råkar den planlagde utvidinga på Rovde i Vanylven til 1,4 milliardar kroner.
- På Sunnmøre hadde vi planar om å utvide til saman tre anlegg, fortel Sætre til NETT NO.
- Alle anlegga skulle vere ferdig i 2027 og utgjorde ei relativt stor investering over kort tid, seier han.
Årsaka er usikkerheita skapt som følgje av grunnrenteskatt på oppdrett.
For stor usikkerheit
På Rovde var reguleringsarbeidet i gong og planen var byggestart til hausten.
Vanylven-satsinga er no mellom dei sju anlegga som blir kansellert fordi Mowi meiner skattepolitikken har skapt for stor usikkerheit i bransjen.
Postsmolt - eller storsmolt - er stadiet mellom smolt - eller torskeyngel - før laksen blir sett i merder i sjøen.
NETT NO omtala satsinga med fleire anlegg for postsmolt - eller storsmolt på Sunnmøre i 2021. Då var selskapet på jakt etter eigna lokalitetar for anlegga som treng mykje areal, og i tillegg treng ferskvatn.
Går glipp av ringverknader
Kanselleringa betyr naturleg nok betydeleg tapte inntekter for ein leverandørindustri som allereie har sett ordrebøkene skrumpe inn etter forslaget om grunnrenteskatt kom på bordet i fjor haust.
Samtidig betyr investeringsstoppen at lokale handverkarar og andre næringsdrivande går glipp av inntekter.
- Det går utover alt frå bygg, elektro og entreprenørar, i tillegg til leverandørane til det som ville vore store anlegg, seier Sætre.
Fleire investeringar er utsett
Til saman er det investeringar for fem milliardar Mowi no har skrinlagt. Det er uklart kor stor del utvidingane på Sunnmøre utgjorde – men det er openbert snakk om milliardbeløp.
Mowi sine planar om ein fabrikk på Eggesbønes i Herøy, som skulle lage mjøl og olje av restråstoff, er mellom andre planar som er sett på hald.
Produksjonssjef Sætre vil ikkje peike på kven dei to andre anlegga er på Sunnmøre, men oppdrettsselskapet har lokalitetar fleire andre plassar på Sunnmøre – mellom anna ferskvassanlegg ved Steinsvika og Lauvstad i Volda og på Flø i Ulstein.
Ved sistnemnte anlegg var det óg planar om mindre investeringar - som er putta i skuffen sidan i fjor haust.
Mowi-sjefen peika på lakseskatten
Mowi-sjef Ivan Vindheim peika på lakseskatten som den utløysande årsaka i eit intervju med E24.
Investeringane blir ikkje teke opp at før selskapet meiner skattebyrda er berekraftig for næringa på sikt, var den klare meldinga før helga.
I utgangspunktet hadde Mowi planar om til saman ti slike anlegg langs kysten.
Publisert: 05.06.2023 05:00
Sist oppdatert: 04.06.2023 23:47