Leverte brønnbåt før fristen
Leverte brønnbåten Kristiansund til Frøy-gruppen.
Havyard Leirvik overleverte i onsdag sin fjerde brønnbåt i Havtrans-serien til Frøy.
Trass koronautfordringar, greidde Havyard å gjere båten ferdig før avtalt frist.
- Det har gått utruleg greit, seier prosjektleiar Håkon Bosdal, i ei pressemelding.
Ny brønnbåt
No ventar meir arbeid med endå ein brønnbåt til Frøy. Skroget er levert til Havyard Leirvik og utrustninga er alt i gang.
Dette skipet skal overleverast til hausten.
- Her på verftet blir det full fart gjennom heile sommaren. Ferie må delast og fordelast for at vi skal greie å oppretthalde produksjonen slik vi ønsker, seier Bosdal.
Runde tankar
Brønnbåten Kristiansund har ein kapasitet på 3.250 kubikkmeter fordelt på tre runde tankar. Havyard opplyser at dei runde tankane gjer at båten kan frakte meir fisk samtidig som fiskevelferda aukar med rolegare fisk og høgare overleving. I tillegg vert det vist til at skrogforma er slik at båten går lett og kuttar både utslepp og kostnader til drivstoff.
Havyard-selskapet Norwegian Electric Systems har levert automasjons- og elektriske kraftsystem i tillegg til bruløysinga, medan Norwegian Greentech har levert system for rensing av ballastvatn. Hav Design har stått for designet.
Publisert: 23.06.2021 13:27
Sist oppdatert: 23.06.2021 14:37