Arez Arlen Solheim
LEIRVIK: Rita Ørnehaug, Erlend Hatleberg og Arlen Solheim har starta selskapet Arez. Foto: Arez
Nytt

Tok grep og starta eiga bedrift

Tidlegare Havyard Leirvik-tilsette med nytt selskap.

21.05.2021

- Eg tok ein telefon til Rita og sa at no skulle vi berre starta opp noko sjølv, og då ho svarte kontant at det gjer vi, var vi i gang.

Det skriv Arlen Solheim frå Dale i Sunnfjord i ei pressemelding etter at ho saman med tidlegare Havyard Leirvik-kollegaer har starta selskapet Arez AS.

I ni år var ho økonomisjef ved Havyard Leirvik, no er ho dagleg leiar i Arez, etter at selskapet vart starta opp i midten av april.

Tok grep i eigen situasjon
Ho fekk med seg Rita Ørnehaug frå Leirvik, som hadde arbeidd ved Havyard-verftet sidan 1991, siste ti åra som prosjektkontrollør.

- Etter at sjokkmeldinga om nedbemanning ved verftet i Leirvik hadde lagt seg litt, var tida inne til å ta grep i eigen situasjon, skriv Solheim.

Fekk med seg Hatleberg
Dei to fekk også med seg Erlend Hatleberg frå Leirvik. Han har arbeidd i Havyard sidan 2009, fleire år som prosjektleiar, og gjekk også inn som verftsdirektør etter at selskapet gjekk inn i gjeldsforhandlingar i november 2019.

«Arlen, Erlend og Rita kjende det vart feil at all opparbeidd kompetanse skulle hamne på havets botn», står det i pressemeldinga.

Ifølgje Proff skal det nye selskapet drive med konsulentverksemd innan prosjekt og økonomistyring, samt utleige og innleige av fagfolk og tenester.

Frøysa Hansen er medeigar
Styreleiar og medeigar er Karl Eirik Frøysa Hansen frå Ulsteinvik, som til dagleg arbeider med finans i Herøy-baserte Olympic Subsea.

Dagleg leiar Arlen Solheim opplyser at det nye selskapet no er klar for oppdrag, i første omgang innanfor havbruk, reiarlag og verft.

-Vi er gode på prosjektleiing og økonomistyring av alt det inneber av stort og smått, skriv ho i pressemeldinga.

Publisert: 21.05.2021 13:42

Sist oppdatert: 21.05.2021 13:48

Mer om