Loddefisket i gang ved Island
Eros først ute med loddefangst, og silda på veg sørover.
Fleire båtar set no kursen mot Island etter at det er meldt om brukbart med lodde å sjå. Herøybåten Eros var først ute med loddefangst i år, og leverer no 825 tonn ved Brødrene Sperre på Ellingsøya.
Også Birkeland og Vendla har meldt inn fangstar, og alle fangstane er selde til konsum.
Sildelaget opplyser at det er størrelsen på lodda er bra med snittstørrelse på knappe 40 stk/kg. Det vert også meldt om lite åte.
Kystbåtar fann makrell
Sildelaget opplyser også at utlendingane framleis fiskar godt med kolmule og makrell, og der mykje av makrellfangstane vert leverte i Norge.
Makrellfisket har foregått på eit lite område rundt 60 nautiske mil nordvest av Orknøyane, men no er båtane i ferd med å verte ferdig med kvotene.
Ein del kystbåtar har jakta etter hestemakrell og sild langs kysten, men kom i staden over stor makrell nord for Bergen, noko som er uvanleg.
Silda mot sør
Elles melder Sildelaget at NVG-silda endeleg har sett kursen sørover.
Fisket i nord har foregått både inne på Kvænangen, samt lenger ut til havs, mellom anna utanfor Andenes, og silda er no i bevegelse.
Av fangstane har Herøyfjord meldt inn 1310 tonn, som skal leverast til Fosnavåg Pelagic, medan Nordsjøbas skal levere 1250 til Grøntvedt Pelagic.
Publisert: 31.01.2023 13:16
Sist oppdatert: 31.01.2023 13:45