Bernt brandal sveinung rotevatn skjermdump digitalt møte 11
STRID: Framlegget om å auke CO2-avgiftene så mykje at det vil doble drivstoffkostnadane for fiskeflåten er møtt med protestar, mellom anna frå ordførar Bernt Brandal (t.v.) som deltok på ei møte mellom klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (t.h.) etter at regjeringa hadde lagt fram klimaplanen sin. Rotevatn står på at auken må til for å få CO2-utsleppa ned, men lovar at kostnadsauken blir kompensert med andre avgift-og skattekutt.
Nytt

Lovar skatte- og avgiftslette

Det fiskarane må betale i auka CO2-avgift skal dei få att som kutt i andre skattar og avgifter, lovar klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

23.02.2021

«Auka CO2-avgift er ikkje ein måte å få inn meir pengar i statskassa på, det er ein måte å framskunde overgang til ny teknologi på, ettersom det vil løne seg å få ned utsleppa. Den auka CO2- avgifta skal motsvarast av andre skatte- og avgiftsletter for dei næringane det gjeld.», skriv Rotevatn i innlegget.

Regjeringa vil auke avgifta for å sleppe ut CO2 fra 590 til 2000 kroner tonnet fram til 2030. For fiskeflåten betyr det omlag ei dobling av drivstoffkostnadane samanlikna med i dag.

Framlegget er ein del av tiltak regjeringa vil gjennomføre for å redusere bruken av drivstoff som gir CO2-utslepp og eir ein del av klimaplanen som regjeringa la fram tidlegare i år.

Ordførarprotest
Avgiftsauken har utløyst protestar, mellom anna frå ordførarar på Nordvestlandet, som fryktar ei mindre lønsam og attraktiv fiskerinæring.

I eit innlegg 16. februar skriv Jan Ivar Maråk, som er assisterande direktør i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt, at regjeringa som plan om å auke CO2-avgifta i praksis kan føre til auka utslepp:

«En problemstilling vi vil møte med høye avgifter er imidlertid at mange fiskerier blir ulønnsomme. Det kan gjelde rekefisket, både kystnært og til havs, fisket etter snabeluer, fisket etter øyepål, deler av seifisket, og en rekke andre fiskerier. Dersom Norge ikke utnytter tilgjengelige kvoter, kan andre nasjoner i samsvar med Havretten kreve disse kvotene. I så fall risikerer vi at utenlandske fiskefartøy uten høye klimaavgifter tar over norske fiskeri, og der resultatet blir økte CO2-utslipp globalt.»

Skal ikkje koste meir
I svarinnlegget frå Rotevatn skriv han altså at det samla skatte- og avgiftstrykket for fiskarane ikkje skal bli høgare.

Rotevatn skriv og at Noreg ikkje vil vere åleine om å auke kostnadane med å sleppe ut CO2:

«Alle land skal få ned klimagassutsleppa sine i tråd med Paris-avtalen. EU vurderer no å innlemme skipsfarten i kvotepliktig sektor. Det vil derfor ikkje vere kostnadsfritt å sleppe ut CO2 for EU-fiskarar heller. Og dei som går føre med ny teknologi, vil ha eit konkurransefortrinn.»

Ei gradvis opptrapping fram til 2030 gjer også at mellom andre aktørane i fiskerinæringa har tid til å tilpasse seg, ifølgje Rotevatn.

I innlegget skriv han ikkje kva for skatte- og avgiftskutt regjeringa vil gå inn for, men i eit møte med næringa tidlegare i vinter inviterte han næringa til å kome med framlegg.

Publisert: 23.02.2021 12:57

Sist oppdatert: 23.02.2021 14:57

Mer om