- Det stemmer altså ikkje, og vi har planar om å drive selskapet med æva som horisont.
Men han legg til:
- Men det er rett at vi har fått nokre førespurnader. Haldninga til aksjonærane i World Wide Supply er nok lik haldninga til aksjonærar i alle andre selskap; er prisen rett, så er alt til sals.
Dei fem skipa har vorte leverte i tur og orden sidan juni. Det siste, «World Sapphire» skal leverast 17. desember. Sætrenes seier at ein ikkje har kontraktar på nye skip, men avviser ikkje at det kjem snart.
- Vi ser ikkje på seks skip som ein flåte.
- To av skipa startar 20. desember på ein jobb for GDF Suez. Med opsjonar kan dette verte ein jobb på 400 dagar per skip.
- Fire av dei andre skipa vil i løpet av første halvår neste år starte på fireårige kontraktar med Petrobras i Brasil.
- Spotmarknaden var god i sommar, og første båten fekk med seg dette på ein god måte. Deretter har marknaden vore dårleg, men båtane har hatt oppdrag sjølv om ratene har vore altfor lave. Men dette gjeld alle.
Den samla investeringa for World Wide Supply har vore på vel 1,1 milliardar kroner. Sætrenes seier at det er for tidleg å fastslå om dette vert ei god investering.
- Desse båtane skal operere i minst 30 år framover, så det er for tidleg å trekkje ein endeleg konklusjon. Når det er sagt, så har vi tru på at dette skal verte veldig bra.
- Med mine lekmannsauge ser arbeidet veldig bra ut. Tilbakemeldingane i marknaden er også gode, og fagfolk gir gode attestar på kvalitet og finish på båtane, alt frå stålarbeid til innreiing.
- Det er tydeleg at rumenarane er stolte og flinke skipsbyggjarar.
Dei seks skipa er av typen Damen PSV 3300 CD. Skipa er 80,10 meter lange, 16,20 meter breie og har eit dekk på 720 kvadratmeter.
På kvart av skipa er fem offiserar norske, medan resten av mannskapet er utanlandsk.
Men han legg til:
- Men det er rett at vi har fått nokre førespurnader. Haldninga til aksjonærane i World Wide Supply er nok lik haldninga til aksjonærar i alle andre selskap; er prisen rett, så er alt til sals.
Eit skip i månaden
Sist veke døypte selskapet «World Opal», det femte av seks identiske plattform forsyningsskip bygde ved det rumenske Galati-verftet, eit verft som er eigd av den hollandske verftsgruppa Damen.Dei fem skipa har vorte leverte i tur og orden sidan juni. Det siste, «World Sapphire» skal leverast 17. desember. Sætrenes seier at ein ikkje har kontraktar på nye skip, men avviser ikkje at det kjem snart.
- Vi ser ikkje på seks skip som ein flåte.
Petrobras-avtalar
Samtlege skip er NIS-registrerte, slik at dei ikkje kan operere på norsk sektor i Nordsjøen. Derfor har ein sett seg om etter andre marknader, og Sætrenes seier at responsen har vore god.- To av skipa startar 20. desember på ein jobb for GDF Suez. Med opsjonar kan dette verte ein jobb på 400 dagar per skip.
- Fire av dei andre skipa vil i løpet av første halvår neste år starte på fireårige kontraktar med Petrobras i Brasil.
Dårleg i spot
Hittil har skipa hatt oppdrag i spotmarknaden.- Spotmarknaden var god i sommar, og første båten fekk med seg dette på ein god måte. Deretter har marknaden vore dårleg, men båtane har hatt oppdrag sjølv om ratene har vore altfor lave. Men dette gjeld alle.
Den samla investeringa for World Wide Supply har vore på vel 1,1 milliardar kroner. Sætrenes seier at det er for tidleg å fastslå om dette vert ei god investering.
- Desse båtane skal operere i minst 30 år framover, så det er for tidleg å trekkje ein endeleg konklusjon. Når det er sagt, så har vi tru på at dette skal verte veldig bra.
Godt arbeid
Han er full av lovord over arbeidet ved Galati-verftet.- Med mine lekmannsauge ser arbeidet veldig bra ut. Tilbakemeldingane i marknaden er også gode, og fagfolk gir gode attestar på kvalitet og finish på båtane, alt frå stålarbeid til innreiing.
- Det er tydeleg at rumenarane er stolte og flinke skipsbyggjarar.
Herøy-styrt
Herøy-selskapet Remøy Management har det operasjonelle ansvaret for flåten. Selskapet har også hatt byggjetilsynet ved verftet.Dei seks skipa er av typen Damen PSV 3300 CD. Skipa er 80,10 meter lange, 16,20 meter breie og har eit dekk på 720 kvadratmeter.
På kvart av skipa er fem offiserar norske, medan resten av mannskapet er utanlandsk.
Er prisen rett, så er alt til sals
Publisert: 13.12.2013 07:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30