Meir pressa marginar hos Drevik
Illustrasjonsfoto: Kjetil Haanes
Nytt

Lågare omsetning – auka lønnsemd og utbytte

Fiskeeksportør i Ålesund med godt fjorår.

Marius Rosbach
16.06.2021

Ålesund-selskapet Drevik International leverer eit rekneskap med litt lågare omsetning enn dei siste åra.

Inntektene på 288 millionar, er likevel det tredje høgaste selskapet har hatt i årleg omsetning sidan toppåret 2007.

Betre lønnsemd
Marginane har blitt pressa for fiskeeksportørane dei siste åra, men fjoråret ga betre lønnsemd for Drevik enn året før. Driftsresultatet på seks millionar gir likevel ikkje høgare driftsmargin enn to prosent.

Selskapet driv i første rekke med import og eksport av frose og salta torsk, saman med klippfisk. Dei har salsavtalar med dei to russiske fabrikktrålarane «Yagry» og «Arkhangelsk».

Dobla utbytte
Ole Johan Drevik eig alle aksjane i bedrifta og tok ut tre millionar kroner i utbytte i fjor – ei dobling frå året før. Selskapet har 14 millionar i bankinnskot og ei gjeld på 20 millionar.

Fiskeriselskapet med adresse i Storgata 4 i Ålesund sentrum, hadde tre årsverk i fjor. Bedrifta blei starta på midten av 1990-talet.

Eigar og dagleg leiar Ole Johan Drevik opplyser til NETT NO at han er på ferie, på spørsmål om han vil kommentere resultatet.

Drevik International AS
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 288,5 324,4
Driftsresultat 6 5,4
Res. før skatt 6,7 4,9

Publisert: 16.06.2021 10:00

Sist oppdatert: 16.06.2021 10:31

Mer om