Laerlingrekord i fisk og oppdrett
POPULÆRT: Vigdis Torheim fra Surofi og Ewa Hildre (til høgre) frå Marint Kompetansenter på rekrutteringssamling i Parken Kulturhus i Ålesund i 2017. Marint Kompetansesenter har auka talet på lærlingplassar kvart år sidan etableringa i 2015.
Nytt

Lærlingrekord i fisk og oppdrett

Marint Kompetansesenter har aldri sendt ut så mange ut i lærlingplass som i år. Hos Opplæringskontoret for tekniske fag er det omvendt.

11.10.2018
Rundt 200 personar har no lærlingkontrakt hos marine bedrifter i Møre og Romsdal, 110 av dei er utplassert i år. Det er rekord.
- Det er ei kjempeutvikling, seier Ewa Hildre i Marint Kompetansesenter, som arbeider med rekruttering, utdanning og vidareutdanning av folk som vil ha arbeid i fiskeri- eller oppdrettsnæringa.

Ho har arbeidd hos Marint Kompetansesenter i tre år, og har sett ei stigande interesse for ei karriere innan marine bedrifter.

Vil ha fagfolk

Bedriftene i fiskeri- og oppdrettsnæringa bidreg også til at folk med lang yrkeserfaring skaffar seg formell kompetanse. Oppdrettsnæringa har vore lengst framme i å krevje formell kompetansen, men fiskerinæringa - også fiskebåtreiarane, kjem etter.
- Dei vil ikkje ha folk utan fagbrev ombord, seier Hildre.
Ho rosar også bedriftene bak Marint Kompetansesenter for å strekkje seg langt for å tilby lærlingplassar.
- Dei strekkjer seg gjerne eit stykke til når dei høyrer at nokon går utan læringplass, seier ho.

Fleire medlemar

Marint Kompetansesenter blei etablerte i 2015 for å rekrutter til alle typar jobbar i alle bedrifter innan marine næringar og underleverandørane deira. 120 bedrifter blei med frå starten, no er organisasjonen oppe i 140 medlemsbedrifter.

Nedtur i industri

Hos Ruth Astrid Rødal i Otek Sunnmøre - Opplæringskontoret for tekniske fag er situasjonen den motsette enn hos Marint Kompetansesenter.
Kontoret dekkjer Sunnmøre, utanom Haram og Sykkylven, som har sine eigne opplæringskontor.
Rødal rekrutterer fagarbeidarar til industrien, mellom anna til verft og mekanisk industri. No har ho 108 personar på lærlingkontrakt, men berre 25 av dei har fått lærlingkontrakt i år.
- Det er for lite lærlingar, seier Rødal.
Tilbodet av lærlingplassar er på veg opp, men det vi ser no er verknaden av oljeprisfallet i 2014. Det slo ut i nedskjeringar og permitteringar i verft og industribedrifter, som i sin tur gjorde at færre søkte seg inn på yrkesutdanning for industrien - i 2016. Resultatet er at det no i år er er blitt ei mindre gruppe å rekruttere lærlingar frå.
- Trenden i år er at vi manglar lærlingar i heile landet i teknisk industri, seier Rødal. Ho seier Opplæringskontoret mellom anna vurderer ein utvide kampanje retta mot elevar i vidaregåande skule og ungdomsskule for å få opp rekrutteringa.

Publisert: 11.10.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26