Rita Sævik Magne furuholmen foto Kjetil Haanes 11
KUNSTSATSING: Rita Sævik leiar kunstsatsinga til reiarlaget Ervik & Sævik og har investert betydelege summar i verk som no pryder tre etasjer i Horisont-bygget på Mjølstadneset. Magne Furuholmen var første kunstnar som stilte ut. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Trur kunstinteressa må modnast

Kring halve opningsutstillinga vart selt. No opnar ny utstiling med nasjonal toppkunstnar på Horisont.

Marius Rosbach
07.12.2022

Torsdag kveld opnar Horisont dørene for ei brei utstilling med kunst av Nico Widerberg. Den kjente samtidskunstnaren etterfølgjer Magne Furuholmen, som fekk æra av å vere første kunstnar som stilte ut ved galleriet på Mjølstadneset.

– Vi var stolte over å kunne opne med Furuholmen, som både er ein nær ven og betydeleg kunstnar, fortel Rita Sævik til NETT NO.

– Utstillinga med Widerbeg blir heilt annleis, med eit større spenn i kunstverka, fortel ho.

Selde 17 verk av Furuholmen
Fiskebåtreiaren har fylt tre etasjar i det nye næringsbygget i Herøy med kunst av eige samling. I tillegg har ho opna galleri på kring 200 kvadratmeter på bakkeplan.

Det er ingen tvil om at det finst personar og bedrifter med pengar til å investere i kunst i regionen. Samtidig er prisklassen i høgaste laget for mange.

At 17 av eit trettitals verk blei selt frå Magne Furuholmen si første utstilling, er Sævik passe nøgd med. Samtidig har den nyslåtte galleristen vore usikker på kva dei kunne vente seg av kunstsalet.

– Vi etablerer noko som er eit heilt nytt konsept i Herøy, så det må nok modnast litt, seier Sævik.

Nico Widerberg kunst foto Horisont 11
OPNAR TORSDAG: Alt er klart for den andre utstillinga på Horisont i Herøy. Denne gongen er det kunst av Nico Widerberg som stillast ut. Kunstverka kostar frå 3000 til 250.000 kroner. Foto: Horisont

Mykje utanbygds besøk
Å ta inngangspengar ved galleriet har dei droppa, så Sævik har ikkje konkrete besøkstal. Likevel er ho gødt nøgd med å vere i gong, og fortel at det kjem mange utanbygds besøkande.

– Vi har hatt mykje besøk frå både Ålesund, Ulstein, Ørsta og Volda. Eg er positivt overraska over kor mange som er genuint interesserte og tar seg tid til å studere kunsten, fortel Sævik.

Sidan oppstarten i sommar har dei hatt om lag 20 arrangement. I tillegg har dei hatt ein del bedrifter som har booka guida omvisning på heile bygget.

Bleken og Broslo-utstilling neste år
Horsint-galleriet er meir eller mindre fullbooka i tre år framover. I mai neste år blir det utstilling med Håkon Bleken.

Deretter blir det ein kombinasjonsutstilling med keramikk og glas, før kunstnarduoen Broslo kjem til galleriet. Fleire av kven dei komande kunstnarane er, vil ikkje Sævik avsløre enno.

– Vi satsar på nasjonale og internasjonale kunstnarar, men vi håpar å kunne få til noko med lokale kunstnarar også, seier Sævik.

Nico widerberg montasje kunst foto Horisont
VARIERT UTSTILLING: Kunstutstillinga med Nico Widerberg inneheld 23 grafiske verk, seks steinskulpturar og sju oljemåleri. Foto: Horisont
Inspirert av Lofoten-destinasjon

Ervik & Sævik-reiarlaget er mellom dei som er med på planane om å utvikle Mjølstadneset som ein destinasjon for reisande på mindre og eksklusive cruiseskip.

– Vi trur det er muleg å etablere denne plassen som eit trekkplaster, slik Kaviarfabrikken er blitt i Lofoten, seier Sævik.

Den nedlagde fabrikken i Honningsvær har blitt ein populær arena for kultur og samtidskunst, og vore eit forbilde i satsinga til herøyværingen.

Publisert: 07.12.2022 09:12

Sist oppdatert: 07.12.2022 09:25

Mer om