Rita sævik juni 2021 11
MJØLSTADNESET: Rita Sævik leier Ervik & Sævik-prosjektet med å bygge næringspark på nabotomta til Havila-bygget på Mjølstadneset. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Tek rekordhøgt utbytte

Godt fiske for Christina E og omorganisering av Ervik & Sævik-reiarlaget i fjor.

Marius Rosbach
26.08.2021

Rekneskapane til Ervik & Sævik-selskapa viser at flerbruksfartøyet Christina E hadde gode fangstinntekter og solid inntening i 2020.

Etter ei omsetning på 95 millionar, enda driftsresultatet på meir enn 15 millionar (sjå tabell under). Etter finanskostnader trekte ned, enda resultat før skatt på drygt fem millionar.

– Vi var godt nøgd med fiske i fjor, fortel eigar og reiar Rita Sævik til NETT NO.

Rekordhøgt utbytte
Reiarlaget som er i full gong med å bygge nytt hovudkontor og næringspark på Mjølstadneset, tek også rekordhøgt utbytte på 20 millionar.

Selskapet som sysselsette 18 årsverk i fjor, har framleis ein solid eigenkapital på nær 200 millionar, der 44 millionar er bankinnskot.

Sævik påpeiker at utbytte og investeringane må sjåast i samanheng.

– Vi har teke ut pengane frå Christina E og løftar dei til morselskapet i samband med at vi bygger, seier ho.

Dei 20 millionane finn vi att i rekneskapen til Ervik & Sævik, som anna finansinntekt. Det bidrog til at resultatet til dette selskapet enda på 19,7 millionar.

La om til konsernstruktur
I løpet av fjoråret gjorde reiarlaget ei omorganisering av selskapa og la om til konsernstruktur, med nyoppretta selskap.

Christina E og Ervik & Sævik Eiendom er no dotterselskap til Ervik & Sævik, med eit investeringsselskap på toppen som morselskap.

Rita Sævik eig 35 prosent av aksjane og Espen Ervik, som også er skippar på Christina E, eig 34 prosent, medan dei har kvar sine selskap, Kings Kross og Blix, som eig 15 prosent.

Christina E
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 95,7
Driftsresultat 15,3
Res. før skatt 5,6
Ervik & Sævik
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 2,6
Driftsresultat 0,3
Res. før skatt 19,6

Publisert: 26.08.2021 13:30

Sist oppdatert: 26.08.2021 13:27

Mer om