Stig Ervik foto Ogne
PÅ AQUA NOR: Stig Ervik er leiar for Ervik Havfiske Holding, som er eigd 50/50 av investeringsselskap eigd av han og tremenningen Kjell Magne Ervik og deira familiemedlemer: Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Måtte la båtar ligge stille

Fiskebåtar som ikkje fekk fiske drog ned resultatet til Ervik Holding-konsernet både i fjor og i år.

23.08.2023

Manglande lisensar til å fiske etter tannfisk i Rosshavet og Amundsenhavet i Antarktis gjorde at Ervik Holding-konsernet måtte la båtar ligge ved kai både i deler av 2022 og 2023.

No har konsernet fått lisensar for slikt fiske i andre farvatn og båtane er ute i fiske, seier dagleg leiar og medeigar Stig Ervik i Ervik Holding-konsernet til NETT NO.

Konsernet må også bokføre eit urealisert valutatap på lån i dollar. Valutaeffekten er dessutan negativ for prisen på fartøyet har under bygging i Tyrkia.

Summen av dette gjer at 2022-resultatet ikkje blei så godt som Ervik hadde ønskt.

Russland-konflikt
Utestenginga frå fisket i Antarktis kom etter ein konflikt i CCAMLR, det internasjonale organet som regulerer fisket i Antarktis, skreiv Fiskeribladet i desember i fjor.

Ervik-konsernet fiskar i området med fire båtar, tre av dei eigd saman med eit britisk selskap, og ein saman med eit Gibraltar-registrert selskap. CCAMLR-medlem Russland skulda dei fire båtane for å ha fiska ulovleg, og dermed fekk dei ikkje løyve. Striden oppsto etter etter at Storbritannia tidlegare i 2022 gav dei fire båtane lov til å fiske utanfor Sør-Georgia.

- Dette handlar ikkje om fisket vi driv, det er storpolitikk, sa Ervik til Fiskeribladet i fjor.

Salsgevinst
Utviklinga i lønsemda til konsernet er ikkje så dramatisk som resultatabellen under tyder på.

I 2021 hadde Ervik Holding-konsernen ein salsgevinst på nesten 200 millionar kroner. For underkonsernet Ervik Havfiske var salgsgevinsten 170 millionar.

I 2022 hadde Ervik-konserna ikkje nokon salgevinst.

Noreg og utlandet
Ervik Havfiske Holding er eitt av Noreg største fiskebåtreiarlag og det familieigde konsernet er samstundes pytt og panne i Stad-samfunnet, med både hotell, mekanisk industribedrift og butikk i konsernet.

Underkonsernet Ervik Havfiske omfattar selskapa som driv fiske i Noreg og Nord-Atlanteren, daglegvare-og skipsproviantselskapet Vestkapp Handel ikkje langt frå Ervik - og industriselskapet Westmek.

Hovudkonsernet Ervik Havfiske Holding omfattar også fiskeriverksemda i Antarktis og hotellet i Leikanger på Stadlandet.

Ervik Havfiske Holding As (konsern)
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt708,9777,2
Driftsresultat78,8238,4
Resultat før skatt46,9169,6

Ervik Havfiske As (underkonsern)

Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt638,9701,7
Driftsresultat36,9186,3
Resultat før skatt18,9166,0

Publisert: 23.08.2023 05:00

Sist oppdatert: 23.08.2023 10:25

Mer om