Christer Valderhaug Converto foto Ogne
GULROT: Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug har fått ein opsjonsavtale i Arctic Bioscience. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Må nesten doble aksjekursen

Christer Valderhaug kan få milliongevinst i Arctic Bioscience - men då må aksjekursen opp.

01.03.2022

Styret i Arctic Bioscience har gitt administrerande direktør Christer Valderhaug ein opsjon på å kjøpe 250.000 aksjar i selskapet til kurs 17,798 kroner per aksje. Det er ein pris like over dagens børskurs.

Vilkåret for å få kjøpe er at aksjekursen i ti dagar på rad er over 31 kroner per aksje. Det er nesten ei dobling samanlikna med i dag, og høgare enn den tidlegare rekordnoteringa på 30 kroner aksjen frå mars 2021.

31 kroner aksjen gir Valderhaug ein gevinst på opsjonsavtalen på 3,3 millionar kroner. Etter at Valderhaug eventuelt har kjøpt aksjane må han eige dei i minst tre år.

Les børsmelding her

Kommersialisering og alliansebygging
Den nye Arctic Bioscience-sjefen skal både auke inntektene frå helsekostmarknaden og bygge alliansar for eit framtidig sal av legemiddel, skreiv NETT NO då det tidlegare i vinter vart klart at Christer Valderhaug sluttar i Converto for å overta som Arctic Biocinence-sjef etter Ole Arne Eiksund.

Eiksund nytta 22. februar seg av si opsjonavtale, og kjøpt 76.100 aksjar til kurs 9,845 kroner.

Arctic Bioscience har utvikla eit potensielt legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis, som er under uttesting.

Selskapet arbeider og med utvikling av eit legemiddel som kan ha ein positiv verknad på hjerneutviklinga for tidleg fødde. I tillegg lagar selskept helsekostprodukt, og har ein ny fabrikk under bygging i Ørsta.

Kursfall etter børsnotering
Arctic Bioscience vart børsnotert i februar 2021. Aksjekursen ved børsnotering var 27,50 kroner per aksje og steig deretter til 30 kroner i mars 2021, før den fall i rykk og napp ned til 14,60 kroner per aksje i februar 2022.

Då børsen stengte i dag var kursen 17,50 kroner per aksje, som verdset selskapet til 425 millionar kroner.

Største aksjonærar er Halsebakk-familiens selskap Ronja Capital II (8,66 prosent), styreleiar Harald Nordal sitt selskap Capra Invest (6,36 prosent) og Møre og Romsdal Såkornfond (5,41 prosent).

Les børsmelding om 2021-resultat her

Arctic Bioscience4. kv. 20212021
Driftsinntekt5,322,0
Res. f. av-og nedskriving (Ebitda)-8,9-36,1

Publisert: 01.03.2022 16:35

Sist oppdatert: 01.03.2022 16:36

Mer om