Har starta rekrutteringa til legemiddelfabrikk
Arctic Bioscience på jakt etter leiartrio til fabrikken som kan doble talet på tilsette.
Arctic Bioscience markerte førre veke byggestarten for den nye fabrikken i Hovdebygda. Sjølv om produksjonen ikkje vil vere i gong for om kring to år, er dei allereie i gong med å rekruttere tilsette.
Onsdag gjekk fristen ut for å søke på stillingane som fabrikksjef, kvalitetssjef og regnskapssjef. Chief operating office Per Christian Sæbø i bioteknologiselskapet fortel at dei er nøgd med pågangen av søkjarar.
– Det ser lovande ut og det er gode kandidatar som har søkt på alle stillingane, seier Per Christian Sæbø til NETT NO.
Då Sæbø fortalde om planane for fabrikken førre veke, påpeika han at dei vil ha behov for høgkompetent arbeidskraft – noko som fall i god jord hos mellom anna Ørsta-ordførar Stein Aam.
Kan lage både kosttilskot og legemiddel
Fabrikken blir bygd både for å kunne produsere helsekostprodukt - som
Arctic Bioscience har drive med i fleire år - og for å kunne produserer
legemiddel - som dei jobbar med å utvikle og teste.
– Denne fabrikken skal vere klar til å produsere legemiddel når vi er reknar med å ha det godkjent i 2026. Før den tid skal vi produsere kosttilskot, fortel han.
Dei reknar med å starte produksjon i den nye lokala mot slutten av 2023. Når fabrikken er oppe og går for fullt, reknar selskapet med å ha opptil 20 fleire tilsette. Det vil i tilfelle bety ei dobling frå dagens bemanning.
(saka held fram under)
Ventar å auke bemanning gradvis
Silderogna som er utgangspunktet for produkta, blir levert frå reiarlag i
regionen og handtert i Hovdebygda. Deretter blir ekstraktet sendt til
utlandet for kapselproduksjon.
– Produksjonen vil vere skalerbar. I starten vil vi trenge rundt ti personar til å handtere produksjon, kvalitetskontroll, lab, logistikk og lagerhandtering og slike ting. Etter kvart ventar vi å auke på med bemanning når vi treng fleire skift og meir kapasitet i produksjonen, fortel Sæbø.
Investering på 200 millionar
Deler av dei gamle fabrikkbygningane som tidlegare husa Møre
Trikotasjefabrikk, er nyleg rivne. Ved sidan av vil
det kome eit friståande nytt bygg. Mellom bygga skal det gjerast plass for ein
snuplass for større bilar og varelevering.
– Det blir to etasjar med produksjon ut mot sjøsida mot nord og tre etasjar på baksida med støttefunksjonar som lab, kvalitetskontroll, lager og styringssystem, fortel Sæbø.
Teikningane for korleis det vil sjå ut, blei presentert førre veke. Den samla prislappen for bygg og produksjonsutstyr er på 200 millionar kroner.
(saka held fram under)
Fleire legemiddelprosjekt
Kosttilskot utgjer som nemnt inntektskjelda i dag, men på sikt har Arctic Bioscience ambisjonar om å vekse innan legemiddel. Hovudmålet er i første omgang å utvikle og få godkjent eit legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis. Her har dei ein kandidat som no skal bli testa i ein større studie.
Då Arctic Bioscience markerte byggestarten førre veke kunne dei også fortelje som lovande arbeid med å utvikle legemiddel for utviklinga av hjerna hos tidleg-fødde barn. Her har dei innleia samarbeid med Smerud Medical. Dei har også innleia samarbeid med hjerneforskar Ole Petter Hjelle.
Både Hjelle og Knut Smerud deltok på markeringa i Ørsta, og sistnemnte påpeika at det er fullt mogleg å bygge opp ein eksportindustri frå Hovdebygda.
Publisert: 25.11.2021 05:55
Sist oppdatert: 24.11.2021 20:30