Stein Pettersen Bent Martini Bendik Torset Foto Marius Rosbach 11
I RETTEN: Reiarlaget har brukt mykje pengar på advokatar dei siste åra. Tysdag var Havila Kystruten-sjef Bent Martini i retten i samband med søksmål etter bygging av dei første skipa i Tyrkia. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Dei som verkeleg har tent på utfordringane våre er advokatkorpset

Sanksjonskrøll gjer at Havila Kystruten-sjefen trur dei største utfordringane ligg framføre dei.

NPK
19.04.2023

(NPK-Peder Skjelten): Havila Kystruten har opplevd mange skjer i sjøen sidan oppstarten for seks år sidan. Men den største utfordringa er framleis framføre dei.

– Utfordringane vi har hatt har slite, og slit framleis, på selskapet og på dei tilsette, seier Bent Martini, dagleg leiar i Havila Kystruten AS om drifta i reiarlaget.

Havila Kystruten blei etablert i 2017 og vann året etter ein av to kontraktar på båtruta mellom Bergen og Kirkenes frå Samferdselsdepartementet. Planen var då å trafikkere ruta med fire skip, og oppstartsdato for tre av dei fire skipa vart sett til 1. januar 2021.

I dag, fem år seinare, er berre to av skipa i drift på ruta. Eit skip er ferdig frå verftet i Tyrkia, og har vore det sidan desember, men er enno ikkje levert, og det fjerde skipet er framleis under bygging.

Koronapandemien og krigen i Ukraina får skulda for forseinkingane, men Martini seier den største utfordringa framleis ligg framføre dei.

Labyrint av byråkrati
Arbeidet i dag er fokusert på å få det tredje skipet levert til reiarlaget og i ut i drift. På grunn av krigen i Ukraina og sanksjonane mot Russland, står det ferdige skipet «Havila Polaris» framleis på verftet i Tyrkia.

Årsaka for at Havila Kystruten er råka av sanksjonar mot Russland, er at det russiske leasingselskapet GTLK opphaveleg stod for finansieringa av «Havila Polaris» og dei tre andre skipa.

– Utfordringane er at sanksjonane har fått verknader hjå aktørar som ikkje er meint å bli lidande av dei. Det har vore vanskeleg å forstå korleis vi skal kome oss ut dette ved å innløyse gjeld til ein sanksjonert part.

Alt om Havila Kystruten her

Havila Pollux og Havila Polaris sjøsetting Tersan foto Havila Kystruten11
TYRKIA: Dei fire skipa er bygd ved Tersan-verftet i Tyrkia. Her er Havila Pollux og Havila Polaris etter sjøsetting. Foto: Havila Kystruten

– Labyrint av byråkrati
I tillegg er det fleire avtalar og kontraktar å rette seg etter som er styrt etter norske og utanlandske rettsreglar.

– Vi må òg skaffe lisensar frå norske, amerikanske og engelske styresmakter og frå EU for å få løyst opp i sikkerheita som er stilt, slik at andre långivarar kan kome inn.

– Det er ein labyrint av byråkrati, og ganske ny juss, som ingen advokatar har vore borti tidlegare. Dei som verkeleg har tent på utfordringane våre er advokatkorpset, seier Martini.

Skjer i sjøen
Ringverknadar av krigen i Ukraina er berre eitt av fleire skjer i sjøen for reiarlaget Havila sidan oppstarten.

Det starta med at dei plasserte kontraktar på å byggje dei fire skipa i Tyrkia og Spania. Ambisjonen var å byggje alt i Noreg, men det hadde ikkje verft her i landet kapasitet til før pandemien. Verftet i Spania gjekk konkurs eitt år inn i byggjetida og ein måtte snu rundt og gjere tilleggskontraktar med det tyrkiske verftet.

– Så kom koronaviruset i 2020 og verftet i Tyrkia med 6.000 tilsette fekk verkeleg kjenne på pandemien. Bygginga stoppa omtrent heilt opp. Sanksjonane har òg forseinka oss kraftig, spesielt i sluttføringsfasen av dei to siste skipa. Det tredje skipet, «Havila Polaris», låg ferdig i desember og ville vore klart for oppstart før nyttår, men vi har ikkje lov å ta levering før vi har ein lovleg veg å gjere opp den russiske finansieringa, seier Martini.

Utan covid eller krig, kor lang tid ville bygginga teke?

– Tre av fire skip hadde vore i rute og drift 1. januar 2021.

Nye kundemarknadar
Men det er ikkje berre krig og elende i marknaden. Martini fortel om stor interesse for tilboda til Havila Kystruten: Dei mest miljøvenlege skipa som har blitt bygde, har ein heilt annan standard av komfort enn kva som har segla i kystruta tidlegare.

– Gjestane er utruleg opptekne av miljøsida og vi har fått fleire nye kundegrupper, spesielt frå Sveits, Austerrike og USA, som er miljøfokuserte og vel oss basert på det, fortel Martini.

– Vi har dei første skipa i verda som går utsleppsfritt inn til Geiranger og verdsarvfjorden. Vi kan bli heilt klimanøytrale ved å skifte over frå naturgass til biogass. Den overgangen kunne vi gjort i morgon, om vi hadde tilgang på biogassen.

Martini seier det gjennom pandemien skjedde ei anna endring i kundemarknaden. Der det tidlegare var fleire eldre som tok i bruk hurtigruta langs kysten, har det blitt fleire yngre som brukar tilbodet til Havila Kystruten. Det har dei vald å rette seg etter.

– Med fire heilt like skip har vi moglegheit til ein heilt annan fleksibilitet. Til dømes lanserer vi i sommar hopp av - hopp på-tilbodet, som legg til rette for aktiv ferie, og er populært blant yngre. Då kan ein gå av skipet i ei hamn, gjere noko anna der, og så gå om bord igjen seinare og få same lugar på ein annan båt for same billett. Dette er ein type fleksibilitet som ikkje har vore mogleg for reisande tidlegare.

Også valutakursen er gode nyheiter for reiselivsbedrifter i Noreg. Fleire nordmenn vil truleg halde seg innanlands i ferien, når krona er svak, medan fleire utlendingar vil nytte seg av meir kjøpskraft.

Å skape ei merkevare
Det er framleis ikkje sikkert når skipet «Havila Polaris» blir levert og reiarlaget kan vere i drift med fire skip sine langs kysten.

– Vi har ein betydeleg jobb i å byggje merkevara vår - at folk skal kjenne til Havila Kystruten. Vi har ei stor utfordring med å få eit godt fotfeste i reiselivet, og ikkje minst i cruisemarknaden. Reiarlaget Hurtigruten har eit godt varemerke dei har bygd opp over lang tid.

Martini seier ambisjonane er å utvide drifta til å innehalde meir ekspedisjonstilbod.

– Det blir meir cruiseretta aktivitet. Det kan vere Arktis og Antarktis. Det kan vere meir lokale reiser langs norskekysten, eller sør i Europa.

(©NPK)

Publisert: 19.04.2023 10:42

Sist oppdatert: 19.04.2023 16:32

Mer om