Maeland rosa Island Offshore si Japan kontrakt
ROS: Næringsminister Monica Mæland vert intervjua av Maritimt Forum-journalist Thomas Førde etter foredraget på Haugesundkonferansen.
Nytt

Mæland rosa Island Offshore si Japan-kontrakt

At Island Offshore byggjer sitt nye superskip i Japan er ikkje eit teikn på at det står dårleg til for norsk maritim næring. Heller tvert imot, meiner næringsminister Monica Mæland.

05.02.2014
Under starten av Haugesundkonferansen tysdag, trekte Mæland fram Island Offshore si siste kontrakt med det japanske verftet Kawasaki Heavy Industries som eit eksempel på stor norsk konkurransekraft.
Ho hadde fått fortalt om avtalen på flyet frå Oslo til Haugesund der ho sat saman med visekonsernsjef Tore Ulstein i Ulstein - eit selskap som har hatt fleire kontraktar for Island Offshore. Men når Island Offshore skulle byggje sitt 168 meter lange offshore spesialskip, fall valet på Japan.
Les meir

Høg kvalitet til rett pris

Mæland viste til at rett før hadde Ulstein fått ein kontrakt på eit Island-skip til 1,1 milliardar kroner. Deretter fall valet for neste Island-skip på Japan.
- Men på dette skipet vert det levert massevis av norsk utstyr og norske tenester. Mellom anna leverer Rolls-Royce design og utstyr, Jets leverer sanitærsystemet og ABB det elektriske.
Mæland meinte at desse avtalane viser at den norske maritime næringa er kompetanse- og kunnskapsbasert.
- Norsk maritim næring kan levere høg kvalitet til rett pris. Det viser denne kontrakten.

Gjennomgang

Mæland brukte mykje av foredraget sitt på å snakke om forenkling og avbyråkratisering. Ho viste også til at regjeringa ville satse på ei rekkje tiltak innanfor næringsretta forsking og kompetanse, i tillegg til å styrke den maritime utdanninga.
Ho opna for å bruke NIS-flagg i nærskipsfart mellom norske havner på norsk sokkel, eit forslag sjømannsorganisasjonane har varsla kamp mot.
Ho opplyste at regjeringa ønskjer å ta ein total gjennomgang av heile den maritime næringa, men var usikker på om dette vart gjort gjennom eiga stortingsmelding.
- Eg er opptatt av innhald, og ikkje av form, og i dette arbeidet ønskjer vi eit tett samspel med næringa.

Stor vekst

Mæland fekk på konferansen presentert ein ny maritim verdiskapingsrapport som viser ein kraftig vekst i maritim næring under den raudgrøne regjeringa. Mellom anna er det skapt 5000 nye maritime arbeidsplassar og den maritime verdiskapinga har auka med 15 milliardar kroner.
Næringspolitisk talsperson Else-May Botten i Arbeiderpartiet seier at det er viktig at den nye regjeringa vidarerfører den raudgrøne regjeringa si offensive satsing på maritim næring.

Lovfesta nettoløn

Ho viser også til at eitt av tiltaka under Arbeiderpartiet sin strategi Stø Kurs 2020 er å lovfeste og heve taket på nettolønsordninga.
- Nettolønsordninga er svært viktig for å sikre heile næringa si konkurranseevne og framleis sikre rekruttering av norske sjøfolk.
- Derfor vil vi lovfeste og heve taket slik at vår maritime næring kan verte endå meir konkurransedyktig, seier Botten.

Lokal innovasjon

Ho synst det er bra at dagens regjering vil satse mykje på forsking og innovasjon, men poengterte at det er samstundes viktig å ta vare på det innovative samspelet som skjer i møtet mellom menneske. Her trekte ho fram erfaringar som konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein har gjort.
- Gunvor har fortalt at når ho står i kø på Coop Mega, så kan ho møte personar som seier at dei har idear om korleis ting kan gjerast betre. Slikt tek Gunvor på alvor, avtalar gjerne møte alt neste dag.
- Denne forma for innovasjon må vi heller ikkje gløyme.
Eg er opptatt av innhald, og ikkje av form

Publisert: 05.02.2014 12:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31