- Ja, vi satsar på landsida - også fordi fiskeflåten har vorte mindre dei siste 10-15 åra, seier administrerande direktør Bjørn Harald Bakke i Møretrygd.
Målet er å oppnå ei omsetning på landbasert forsikring på over 100 millionar kroner i løpet av dei neste tre-fire åra.
- Dette gjer vi samstundes som vi satsar på å behalde den sterke posisjonen vi har på fiskefartøy og sjøforsikring.
Som ein lekk i den større satsinga på landsida, tilset Møretrygd fleire folk og byggjer opp eit større forsikringsmiljø.
- Vi har tilsett fire nye hittil i år, delvis til erstatning for pensjonistar og delvis nytilsetjingar, seier Bakke.
- Selskapet er botnsolid med over 300 millionar kroner i eigenkapital. Fiskebåtar har vore ryggraden. Mellom 70 og 80 prosent av den lokale fiskebåtmarknaden og ein tredel av den norske havgåande fiskeflåten er forsikra i Møretrygd.
- Men talet på fiskebåtar er halvert siste 15 åra og selskapet må finne nye kundar andre stader, seier Bakke i pressemeldinga.
- Vi er her. Vi kjenner kundane våre og dei kjenner oss. Lokalkunnskapen og at alle avgjerder blir tatt her er avgjerande, seier Bakke i pressemeldinga.
Selskapet har kontor i Ålesund, Volda og Fosnavåg.
- Vi veks og vi mistar ikkje kundar, seier Bakke. 95 prosent av kundane fornyar forsikringane sine frå år til år. På sjøsida er talet bortimot 100 prosent.
I dag har Møretrygd 23 tilsette fordelt på dei tre kontorstadane.
Målet er å oppnå ei omsetning på landbasert forsikring på over 100 millionar kroner i løpet av dei neste tre-fire åra.
- Dette gjer vi samstundes som vi satsar på å behalde den sterke posisjonen vi har på fiskefartøy og sjøforsikring.
Som ein lekk i den større satsinga på landsida, tilset Møretrygd fleire folk og byggjer opp eit større forsikringsmiljø.
- Vi har tilsett fire nye hittil i år, delvis til erstatning for pensjonistar og delvis nytilsetjingar, seier Bakke.
300 millionar på bok
I ei pressemelding frå Møretrygd vert det vist til at selskapet har nesten 150 års historie, der Voldens bransikringsforening var først ute i 1866. I 1871 kom Aalesund og Moldes Skibsassuranceforening til, seinare også Sunnmøre Båttrygdelag og Herøy Båttrygdelag. I dag er alle desse selskapa ein del av Møretrygd.- Selskapet er botnsolid med over 300 millionar kroner i eigenkapital. Fiskebåtar har vore ryggraden. Mellom 70 og 80 prosent av den lokale fiskebåtmarknaden og ein tredel av den norske havgåande fiskeflåten er forsikra i Møretrygd.
- Men talet på fiskebåtar er halvert siste 15 åra og selskapet må finne nye kundar andre stader, seier Bakke i pressemeldinga.
Lokalkunnskap
Det einaste området selskapet ikkje satsar på er tungindustri. Derimot forsikrar selskapet hus, hytter, bilar, båtar og alt næringsliv og privatpersonar treng av forsikringar.- Vi er her. Vi kjenner kundane våre og dei kjenner oss. Lokalkunnskapen og at alle avgjerder blir tatt her er avgjerande, seier Bakke i pressemeldinga.
Selskapet har kontor i Ålesund, Volda og Fosnavåg.
Satsar i Ålesund
Bakke opplyser at Nordvestlandet er kjerneområdet, og at det er uaktuelt med sentralisering til Oslo. Derimot skal det satsast meir i Ålesund.- Vi veks og vi mistar ikkje kundar, seier Bakke. 95 prosent av kundane fornyar forsikringane sine frå år til år. På sjøsida er talet bortimot 100 prosent.
I dag har Møretrygd 23 tilsette fordelt på dei tre kontorstadane.
Men talet på fiskebåtar er halvert siste 15 åra og selskapet må finne nye kundar andre stader
Publisert: 20.04.2015 16:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:43