NTB Eu1 Gb joyek
UTSLEPP: Cruiseskipet Discovery forlèt Flåm i ei sky av røyk i 2007. Arkivfoto: Marit Hommedal / NTB / NPK
Nytt

Mange gamle cruiseskip på veg

Det eldste skipet kjem til Nordfjordeid i mai.

NPK
09.02.2022

Sjølv om utsleppskrava til cruisetrafikken i verdsarvfjordane vart stramma inn frå nyttår, er mange av cruiseskipa som har planlagt besøk i norske fjordar i sommar, bygde i førre hundreåret, viser ei kartlegging som NRK har gjort.

47 av i alt 228 unike anløp i norske hamner i 2022 gjeld skip som er bygde på 1980- og 1990-talet, viser teljinga NRK står bak. Det eldste skipet er MV «Ocean Majesty» frå 1966, som kjem til Nordfjordeid 24. mai.

Skip som er bygde før 2000, forureinar i regelen meir fordi dei manglar såkalla scrubber eller eksosvaskesystem, ifølgje Sjøfartsdirektoratet

– Dette er interessante tal, som viser at tiltaka frå Sjøfartsdirektoratet ikkje er tilstrekkelege, seier teknologiansvarleg Marius Gjerset i miljøstiftinga Zero til NRK.

Endrar seglingsplan
Dei eldre skipa kan segle i verdsarvfjordane viss dei er bygde om slik at dei tilfredsstiller dei nye krava til utslepp av nitrogenoksid (NOx). Dei som ikkje har tilpassa skipet slik, vel no i staden å gå til ei anna hamn i nærleiken.

– Vi har erfaring med at slike lokale krav først kan gå opp for reiarlaget når det nærmar seg, og at dei dermed lyt endre seglingsplan, seier hamnesjef Tor Mikkel Tokvam i Flåm til NRK.

I Flåm gjer dei strengare krava at det no stort sett er cruiseskip bygde etter 2011 som får sleppe til. 75 av i alt 112 planlagde anløp i 2022 gjeld skip som er bygde etter 2011.

Då har vi ikkje lykkast med å stille krav som faktisk reduserer klima- og miljøproblema
Kirsten Å. Øystese

Lite oppnådd
Prosjektleiar Kirsten Å. Øystese i tankesmia Norsk klimastiftelse peikar på at reinseteknologi og drivstofftype trass alt er viktigare enn alder. Det samla klimaavtrykket kan vere mindre for eit ombygd skip enn for eit nybygd. Men om dei eldre skipa no droppar verdsarvfjordane og går til andre fjordar i staden, så er lite oppnådd, meiner ho.

– Då har vi ikkje lykkast med å stille krav som faktisk reduserer klima- og miljøproblema. Vi har berre flytta på dei, seier Øystese.

Stortinget vedtok i 2018 at cruiseskipa frå 2026 må vere heilt utsleppsfrie før dei får segle inn i verdsarvfjordane Geirangerfjorden, Aurlandsfjorden, Nærøyfjorden. Frå nyttår vart krava til NOx-utslepp skjerpa inn. Krava er ikkje like strenge for andre fjordar.

Publisert: 09.02.2022 13:10

Sist oppdatert: 09.02.2022 13:29

Mer om