Martin Braenne soekjer kundemagnet
Nytt

Martin Brænne søkjer kundemagnet

Martin Brænne vil ha ein kundemagnet til handelsområdet i Furene i Volda.

07.07.2015
Gjennom selskapet Furutunet er tidlegare brusprodusent Martin Brænne drivkraft og største investor i handelsområdet Furene i Volda.
Furutunet, som Brænnefamilien eig saman med bergensinvestoren Tor Andersen, i ferd med å sprenge ut og planere ti nye mål butikktomt i Furene.
Brænne er klar på kva han vil ha:
- Ein butikk som trekkjer folk inn til vårt område og styrkjer heile Eiksundregionen, seier han.

100 millionar

Brænne etablerte seg som eigedomsinvestor i Furene allereie før han flytta brusfabrikken Volda Mineralvatn frå Folkestad til Furene tidleg på 90-talet.
Brusfabrikken vart seld i 2004, og etterpå er det eigedom Brænne har drive med. Han anslår at Furutunet har investert rundt 100 millionar kroner i tomter og bygningar i Furene. I alt sit selskapet på 35 mål, der den siste ledige tomta no er under planering.
Selskapet leiger i dag ut til Coop Extra (i den tidlegare brusfabrikken, som melde oppbod i 2009), elektronikkvarehuset Lefdal og hagesenteret Plantasjen.

Kvart milliard

Furene var planlagd som eit industriområde, men har blitt eit lokalt handelsenter. Felleskjøpet er førebels den siste butikken som har etablerte seg her, og dagens butikkar i omårdet sel for rundt ein kvart milliard kroner i året.

Snakkar med alle

Brænne seier han har snakka med ei rekkje handelsbedrifter om etablering i Furene. Førebels er han ikkje i forhandlingar med nokon, og er også budd på at det kan ta tid å få napp.
Trass i at leigetakaren manglar meiner Brænne det likevel er rett å planere tomt for nye bygg. Når høvet byr seg vil han vere klar til å å sikre ein avtale på kort varsel, difor blir tomta gjort klar no.
Det er planlagt to bygg på tomta, eitt på 1600 kvadratmeter over to etasjar og eitt på 1200-1300 kvadratmeter, men Brænne seier planane er fleksibelt, alt etter kva for leigetakar som er aktuell.


Ein butikk som trekkjer folk inn til vårt område og styrkjer heile Eiksundregionen

Publisert: 07.07.2015 11:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45