Sindre Mjelva foto Ogne
OPNAR IKKJE: I tillegg til avbestillingar gjer koronarestriksjonane det vansklegar for Sindre Mjelva på Hotel Union i Geiranger å få sesongarbeidskraft frå utlandet. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Frå optimisme til avbestillingar

Koronainnstrammingane gir avbestilllingar. Sindre Mjelva opnar ikkje dørene på Hotel Union i Geiranger i påska.

24.03.2021

NETT NO/ NPK-NTB-Tor Martin Kvernhaugen): For seks veker sidan såg det ut til å bli ein god vår. No kjem avbestillingane.

- Ikkje opning, seier leiar og medeigar Sindre Mjelva i Hotel Union Geiranger om påskeplanane for hotellet.

Han er framleis optimistisk når det gjeld mai, men det muterte koronaviruset og tiltaka mot det er eit tilbakeslag for seinvinter og tidleg vårsesong.

Også Hotel Alexandra i Loen stenger for påska, skriv Fjordingen.

Utsett oppstart
Onsdag har reiselivssjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre fått dei første meldingane om kansellerte bestillingar frå sine medlemsbedrifter.

– Vi har vore eit fylke med lite smitte, og difor har vi hatt litt turisme i denne perioden. Det har også vore ein del bestillingar inn mot påska og utover våren. Noko av det har endra seg allereie i løpet av det siste døgnet, seier Skrede.

Han er ikkje i tvil om at utviklinga dei siste dagane, fører til at oppstarten for store delar av reiselivet blir utsett.

Lang veg tilbake
I ein konjunkturrapport som bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Virke presenterte i dag, spår organisasjonen at reiselivsnæringa har ein lang veg tilbake til nivået frå før koronakrisa.

I første kvartal ligg inntektene under 30 prosent av nivået frå før koronakrisa. i tredje kvartal 2022 vil det ha stige til 58 prosent.

Les heile rapporten her

Tøft for dei store skidestinasjonane
Årets påskeferie såg ut til å gi hyttekommunane eit stort løft. No opplever dei store avbestillingar. Det vil få enorme konsekvensar, meiner Virke Reiseliv, ein av organisasjonane under Virke-paraplyen.

Virke Reiseliv, som organiserer bedrifter i reiselivsbransjen, har gjennomført ei undersøking rundt årets påskeferie. Reisemål i fylket Viken er blant dei mest populære.

Blant dei som har svart at dei sannsynlegvis vil vere i Noreg i påska, har 24 prosent fylket som reisemål. Undersøkinga viser at totalt 31 prosent har planlagt å ta påskeferie i år.

– Vi fekk beskjeden om at det ville bli mogleg med påskeferie for nokre veker sidan, men etter det har vi fått fleire innstrammingar. Ein trudde at ein skulle få lov til å reise på hotell i eige land, medlemmene våre som driv skidestinasjonane har meldt om gode tal. Det såg ut som at påska kunne hjelpe vinteraktørane over kneika etter ein vanskeleg vintersesong, seier leiar Astrid Bergmål i Virke Reiseliv til NTB.

– Enorme konsekvensar
Tala viser òg at 24 prosent av dei som har planlagt å ta påskeferie, ville halde til på hotell eller på eit anna overnattingstilbod i landet, dersom det ikkje hadde vore restriksjonar. Ei lovande påske for hotellbransjen ser derimot ut til å gå i vasken.

– Vi høyrer no om massive avbestillingar på hotella. Det får enorme konsekvensar sidan påska i fjor vart avlyst. Det som er trist for desse verksemdene er at det var fleire enn nokon gong som hadde planlagt hotellpåske, og veldig mange av dei i Viken, fortel ho.

Regjeringa må vakne
Virke Reiseliv krev at reiseaktørane no får meir hjelp. Dei meiner mellom anna at regjeringa må vakne og ta inn over seg behovet for ytterlegare hjelpetiltak for dei som blir ramma av nedstengingane.

– Fleire aktørar må no sende tilsette rett i permisjon, mat og drikke går til spille, og aktørane får store kostnader knytt til dette. Det er ting dei må få hjelp til. Regjeringa må følgje opp vedtaket om å ta tapt varelager inn i kompensasjonsordninga, og det må komme hjelp til å dekkje permisjonskostnadene som følgjer av dei plutselege nedstengingane, meiner ho.

Fleire aktørar må no sende tilsette rett i permisjon, mat og drikke går til spille
Astrid Bergmål

Godt samansveisa
Innlandet er eit fylke som pleier å trekkje til seg mange påsketuristar. 25 prosent av dei som planlegg påskeferie, har fylket som reisemål, ifølgje undersøkinga

Ordførar Jon Halvor Midtmageli (Sp) i Øyer kommune, som husar Hafjell alpinsenter, fortel at kommunen og næringslivet er godt førebudde på påsketuristar.

– Vi er godt sammensveisa og er klare for å ta imot påsketuristane. Det er jo slik at vi køyrer med redusert kapasitet, mellom anna i Hafjell. Men vi håpar jo at vi kan ha ope og ha ei så normal påske som mogleg, seier han til NTB.

Publisert: 24.03.2021 13:02

Sist oppdatert: 02.06.2021 12:28

Mer om